Feira fem aar og heilaarssatsing i Valldal
EIGARTRIO: Nils Jarle Hjelme (f.v.), Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal er eigarane av aktivitetsparken i Valldal. Bedrifta hadde underskot for første gong i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Besøkssvikt for aktivitetsparken

Den dårlegaste sesongen sidan oppstarten for reiselivsbedrifta i Valldal.

Marius Rosbach
09.05.2023

Rote sommarvêr og nordmenn som drog til utlandet er truleg dei to viktigaste årsakene til at Valldal Aktivitetspark i fjor fekk sitt dårlegaste år sidan oppstarten i 2014.

Inntektene til klatreparken som har trekt mange besøkande frå regionen dei siste åra, stoppa i fjor på 1,8 millionar kroner. Det er om lag ei halvering frå nivået omsetninga har vore.

– Vi har ikkje gjort noko annleis, så det er rett og slett svikt i besøket, seier dagleg leiar Erlend Hjelme til NETT NO.

Vi har normalt kring 50 prosent av omsetning i juli månad, så dårleg ver i den månaden påverkar resultatet mykje
Erlend Hjelme

Veret i juli avgjer mykje
Det er Hjelme som peikar på ein regnfull sommar – spesielt juli – og at mange nordmenn vart freista til å reise utomlands, som årsaker til at besøket blei om lag halvert.

– Vi har normalt kring 50 prosent av omsetninga i juli månad, så dårleg ver i den månaden påverkar resultatet mykje, seier han.

Det høyrer med til historia at klatreparken hadde rekordår og gode resultat under pandemien i 2020 og 2021.

– I tillegg har det blitt meir konkurranse frå andre aktivitetstilbod i regionen, som vi kanskje merkar litt, legg Hjelme til.

Underskot for første gong
Fjorårsrekneskapen enda også med eit underskot for første gong sidan oppstarten for Valldal Aktivitetspark (sjå tabell under).

Selskapet hadde ved utløpet av fjoråret ein eigenkapital på drygt 1,4 millionar kroner og kring ein halv million i langsiktig gjeld.

Teamet ved parken og eigarane av selskapet er dei same som før: Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal eig 45 prosent kvar og Nils Jarle Hjelme eig ti prosent.

Aktivitetsparken var ein av seks reiselivsbedrifter frå Fjord-bygda som i fjor gjekk saman om å marknadsføre seg som «The Adventure Valley», for å trekke fleire tilreisande.

Hjelme fortel at han er spent på korleis besøket ved klatreparken bli ved årets sesong.

– Vi håpar på betre ver enn i fjor, seier han.

Valldal Aktivitetspark


Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
1, 8
3, 4
Driftsresultat
- 0, 3
0, 6
Resultat før skatt

-0, 3

0, 5

Har fleire jarn i elden
Både Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal er involvert i andre reiselivsverksemder i lokalmiljøet.

Hjelme er med på eigarsida i Uteguiden som har base i Stranda, og driv eit enkeltpersonføretak som gjer webtenester.

Valdal har mellom anna har utvikla eigne troll som tek oppdrag – mellom anna ved klatreparken – og «TrollDungeon» i sentrum av Valldal – en variant av det klassiske «room escape»-konseptet.

Publisert: 09.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.05.2023 13:52

Mer om