Ola Kvalheim Gadus Group foto Ogne
MINDRE CO2: Gadus Group-sjef Ola Kvalheim satsar på at kundane vil betale ekstra for oppdrettstorsk som er produsert med mindre CO2-utslepp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Betaler ekstra for reduserte utslepp

Kuttar CO2-utslepp frå torskeoppdrett med 30 prosent.

09.03.2022

Torskeoppdrettselskapet Gadus Group betaler tre-fire kroner ekstra for kvart kilo fôr til torsken sin, for å få eit fôr som gir minst mogleg utslepp av CO2 eller andre gassar med drivhuseffekt.

Fôrleverandørane vart bedne om å kartlegge CO2-utsleppa frå produksjonen sin, og Gadus Group valde fôret etter to kriterium, kvalitet og låge CO2-utslepp.

Det fortel Gadus Group-sjef Ola Kvalheim, som presenterte selskapet sin bærekraft-politikk på eit arrangement i regi av NHO Møre og Romsdal og Sparebank1 SMN i Ålesund tysdag.

Fôret er den viktigaste faktoren for CO2-utslepp frå oppdrett. Konsekvensen av Gadus sine krav til fôret er at CO2-utsleppa frå selskapet er redusert med 30 prosent samanlikna om selskapet berre hadde gått etter pris.

Trur kundane vil betale
- Vi tar sjansen på å lage eit dyrare produkt fordi vi trur at marknaden er viljug til å betale for det i dag, og ikkje minst er dei viljuge til å betale for det framover, seier Kvalheim til NETT NO.

Kvalheim seier selskapet også har vald å bygge opp ei kortreist verdikjede, men mellom anna vidareforedling lokalt.

Vi tar sjansen på å lage eit dyrare produkt fordi vi trur at marknaden er viljug til å betale for det i dag, og ikkje minst er dei viljuge til å betale for det
Ola Kvalheim

Vil vekse
Gadus Group har eit oppdrettsanlegg ved Davik i Nordfjorden og eitt under etablering ved Alida i Voldafjorden, og er i tillegg prosess med å få tildelt tre andre lokalitetar for å etablere fleire oppdrettsanlegg.

Mellom anna har selskapet søkt om å få etablere eit anlegg ved Lausund ved Lepsøya, men det har Møre og Romsdal fylkeskommune tildelt Salmar, som vil drive lakseoppdrett på staden.

Arrangementet Kvalheim deltok på tysdag har berekraft som tema og blir også arrangert i Fosnavåg (fredag) og Åndalsnes (17.mars) og Molde og Kristiansund (18. mars).

Podium

E15/S2 Bærekraft i næringslivet

Publisert: 09.03.2022 06:00

Sist oppdatert: 09.03.2022 07:59

Mer om