50 nye jobbar – ventar dobling neste år
Satsing på torskeoppdrett med ein rekke anlegg på Nordvestlandet skaper lokale arbeidsplassar – men også protestar.
Selskapet Gadus Group etablerte seg for eitt år sidan med hovudkontor i
Ålesund, og har store planar for oppdrett av torsk.
NETT NO omtala på
slutten av 2020 planane som inneber investeringar på kring ein milliard
kroner. Ved starten av 2022 har selskapet kome eit godt stykke lengre.
Nyleg fekk dei løyve for sitt første anlegg i Møre og Romsdal – i Volda - og fleire søknader er under behandling. Målet er 15 anlegg frå Smøla i nord til Vanylven i sør.
Nokre av planane har samtidig møtt motstand i lokalbefolkninga. Meir om det seinare. Først litt om arbeidsplassar.
Les også
Mange søkte jobb på Volda-anlegg
Samfunn- og myndighetskontakt Falk Daniel Øveraas i Gadus Group fortel
at dei opplevde stor pågang med søkjarar då dei nyleg utlyste
stillingane ved Volda-anlegget.
– Vi hadde totalt 60 søkjarar, både lokale og folk som ønska å flytte til Volda, fortel han til NETT NO.
Søkjarmassen må seiast å vere svært god i ei periode der svært mange bedrifter fortel om mangel på arbeidskraft.
Prosessen med å tilsette folk er i full gong, men Øveraas påpeiker at dei alltid er på jakt etter dyktige folk - og oppfordrar interesserte til å ta kontakt.
Mål om 600 arbeidsplassar
Oppdrettskonsernet må ha langt fleire i arbeid om dei skal nå målet om å lage 80 millionar fiskemåltid årleg.
I dag er Gadus Group kring 50 tilsette, og reknar med ei dobling neste år. Målet er å bidra til heile 600 nye arbeidsplassar innan 2025.
Forutan dei tilsette ved sjøanlegga i Volda og Davik, har Gadus 19 tilsette på klekkeriet på Stadsbygda i Trøndelag. Ei styrking av funksjonane ved hovudkontoret i Ålesund er blant planane som vil krevje fleire tilsette.
– I tillegg har vi fleire konsulentar og bidreg med vår torsk til å halde trykket oppe ved Lumarine sitt settefiskanlegg på Tjeldbergodden. Vårt nye slakteri- og foredlingsanlegg på Raudeberg skal ferdigstillast til hausten. Det vil også bidra med ein rekke nye arbeidsplassar, legg Øveraas til.
Babord Group, eit selskap eigd av fiskebåtreiar Agnar Lyng i Måløy er med på satsinga i Kinn kommune.
12 søknadar i Møre og Romsdal
Oppdrettsselskapet har no 12 søknader til behandling i Møre og Romsdal,
mellom anna ein lokalitet i Vanylven som er inne til klagebehandling i
Fiskeridirektoratet.
Samtidig er det fleire andre oppdrettsselskap som også har søknadar inne til behandling. Dei to sakshandsamarane for havbruk i fylkeskommunen har med andre ord nok å henge fingrane i om dagen.
Gadus understrekar at fylket er ein ideell region med nærleik til både lokalitetar, folk med kompetanse og den etablerte verdikjeda.
(saka held fram under)
Har møtt motstand
Fleire stader har planane møtt motstand frå lokalbefolkninga, og Øveraas forstår at det blir stilt spørsmål.
– Mange lurer nok på kvifor vi søker om så mange anlegg og om det er eit reelt behov. Difor føler vi også det er vårt ansvar å gå ut og fortelje om planane våre, fortel han.
Det er også grunnen til at leiargruppa tysdag sende eit innlegg til NETT NO som onsdag blir publisert under synspunkt. Her fortel dei meir om planane.
NETT NO har omtala motstanden mot eit nytt anlegg ved Myrekaia i Harøyfjorden i Ålesund kommune. Også på Nordmøre er det mobilisert mot planane til Gadus i Ålvundfjorden.
– Samtidig opplever vi å ha mange tilhengarar, og mange fortel at anlegga er ønska i deira lokalsamfunn, medan andre sit litt stille i båten når det blir tøffe lokale diskusjonar, påpeiker Øveraas.
«Fantastiske resultat» frå Davik-anlegg
Gadus kan no også fortelje om erfaringa frå sitt første anlegg Svartekari i Bremanger.
Tilbakemeldingar frå dei tilsette på anlegget og dei biologiske resultata, viser tydeleg gode resultat, ifølgje Øveraas.
Torsken har ingen sykdom, ligger foran planen i tilvekst, og fungerer svært godt i anlegget. I tilegg til ei dødelegheit på éin prosent i merdene, som er langt under nivået for anna oppdrett i regionen.
Selskapet meiner resultata deira så langt talar mot mytene som er skapt ved tidlegare mislukka forsøk på torskeoppdrett.
Håpar på fleire nye anlegg i år
Avhengig av korleis det går med saksbehandlinga, kan anlegget ved Myrekaia i tidlegare Haram kommune vere neste lokalitet som blir sett i drift.
Politikarane i Ålesund sende førre veke ei uttale som peika på skepsis for konsekvensane, men som ikkje avviste ei etablering av anlegget. No skal den saka ut på høyring til ein rekke ulike instansar, før fylkeskommunen tar si avgjerd.
– Dette er tung saksbehandling som skal innom fleire sektoretatar. Difor er det krevjande å kome med eit konkret svar på når søknadane er ferdigbehandla. Men vi håpar å ha fleire godkjende lokalitetar i løpet av første halvår, fortel Øveraas.
Meiner jamn leveranse er nøkkelen
Ola Kvalheim som er administrerande direktør og ein av gründerane har
tidlegare fortald til NETT NO at han meiner nøkkelen for å drive
torskeoppdrett med lønsemd er jamn produksjon og leveransar heile året.
Målet er å sende ut fersk vakuumpakka filet frå foredlingsanlegget på Nordvestlandet fleire dagar i veka og at produkta skal vere framme i butikkdiskane i Vest-Europa innan 50 timar etter slakting.
Klarer bransjen dette, meiner Kvalheim, vil butikkjedene kunne bygge fersk oppdrettstorsk som ein eigen og godt betalt kategori i butikkane. Då vil oppdrett av torsk også vere lønsam.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 09.02.2022 05:55
Sist oppdatert: 14.02.2022 09:09