Ærnulf Opdahl Per Sævik Havila Capella foto Kjetil 11
OPPDRAG: Ørnulf Opdahl har hatt oppdraget med å utsmykke Havila Capella, her i samtale med reiar Per Sævik. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Bilda skal spegle naturen vi går forbi

Kunstnaren Ørnulf Opdahl har i to år arbeidd med utsmykking av Havila Capella. Han er glad for oppdraget.

18.12.2021

- Eg er interessert i både skip og skipstrafikk, og det var veldig kjekt å verte spurd om dette oppdraget, fortel han til NETT NO på jomfruseglasen.

Opdahl har laga seks store måleri og 12 keramiske fat, i tillegg til å stille med ti trykk.

- For meg har dette vore eit stort oppdrag, som eg har arbeidd med i rundt to år.

Han har henta inspirasjon frå naturen på Nordvestlandet.

- Her er mykje fjell og sjø.

- Bilda skal spegle naturen vi går forbi.

Naturen i fokus
Han seier at dei fleste av passasjerane ikkje går på ein stad og hoppar av på den neste.

- For dei fleste er dette ei lang reise, der naturopplevingar er i fokus. Bilda skal gi ein ekstra dimensjon til alle naturopplevingane på reisa.

Opdahl har tidlegare stått for utsmykkinga av hurtigruteskipet Trollfjord.

Bilda skal gi ein ekstra dimensjon til alle naturopplevingane på reisa
Ørnulf Opdahl

(saka held fram under)

Havila Capell Utsikt foto kjetil 11
PANORAMAUTSIKT: Vindauga på kystruteskipa har orkesterplass til leia og landskapet rundt på strekninga Bergen-Kirkenes. Foto: Kjetil Haanes

Førstevalet
Hege Sævik Rabben, som har vore ansvarleg for utsmykkinga om bord, seier i ei pressemelding at Ørnulf Opdahl var førstevalet til å utsmykke Havila Capella.

- Han er lokal, frå Sunnmøre slik Havila Kystruten også er, og samtidig anerkjend både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg har han eit uttrykk som passar oss godt og det er ingen som kan skildre stemningane og skiftningane i lys og ver på norskekysten som han.

God respons
Sævik Rabben peikar også på at kunsten hans treff eit breidt publikum.

- Det har vi også sett når vi har hengt opp kunsten. Responsen hos mannskapet og andre som har vore om bord har vore svært god.

Største bildet er på 1,70 x 1,70 meter, og heiter «Tind» eit bilde inspirert av Kolåstinden. Eit anna av dei store heiter «Fjord».

- Det kan være fra Hjørundfjorden, frå Lyngen, eller ein annan norsk fjord, seier Opdahl.

(saka held fram under)

Ørnulf Opdahl med måleri foto Kjetil 11
MYKJE FJELL OG SJØ: Kunstnaren Ørnulf Opdahl ved eitt av seks store måleri «Fjord». Foto: Kjetil Haanes

Cathrine Knudsen
I fellesareala er det i tillegg til kunstverk også veggtavler med gamle fotografi og tekst som fortel om kysthistoria. Også på lugarane får folk møte med naturen gjennom sunnmørsfotografi tatt av Øyvind Kåre Sunde.

På det neste skipet til Havila Kystruten er det derimot Cathrine Knudsen som står for utsmykkinga.

Ho er tidlegare modell og også kjend som eks-kjæraste med kronprins Haakon Magnus, men står no støtt på eigne bein som kunstnar.

Publisert: 18.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 17.12.2021 23:02

Mer om