Kraftig vekst for Selstad
MÅLØY: Kraftig vekst for Selstad-konsernet, her ved sals- og marknadssjef Marit Selstad og konsernsjef Hans-Petter Selstad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Selstad over milliarden

Kraftig auke for Måløy-konsernet, som som vil vekse vidare.

10.08.2022

Selstad-konsernet er store på leveransar av utstyr til fiskeri og havbruk. Siste åra har konsernet vakse kraftig, delvis gjennom oppkjøp. Så seint som i 2019 var omsetninga på 493 millioner kroner. I 2021 var omsetninga over dobbelt så stor, og konsernet passerte driftsinntekter på over ein milliard kroner med ein margin på 3,3 millionar.

Resultatet før skatt enda på 54,7 millionar, 11,2 millionar meir enn i 2020.

Styret har god tru på framtida, riggar seg for vidare vekst, og styrer i år etter ei omsetning som er litt høgare enn rekordåret i fjor.

Selstad Holding (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 1003,3 836,1
Driftsresultat 71,5 62,5
Resultat før skatt 54,7 43,5

Island og Skottland
I konsernet ligg det fleire datterselskap, som Selstad i Måløy, som i fjor hadde eit resultat på 25,8 millionar.

Men i fjor kjøpte Selstad også 78,7 prosent av aksjane i skotske familieeigde selskapet W & Knox Limited i Kilbirnie. Dette selskapet er konsolidert inn i Selstad-rekneskapet frå 1. mars i 2021, og hadde i fjor eit resultat på 22,5 millionar.

Selstad eig også 82,5 prosent av islandske Isfell i Hafnafjördar, eit selskapet som leverte 15,4 millionar i resultat i fjor.

Uroleg for Russland
I tillegg har Selstad fleire tilknytta selskap, som 36 prosent eigarskap i Fosnot i Fosnavåg. Selskapet har også kjøpt seg inn med 4,9 prosent eigarskap i tareprodusenten Tango Seaweed i Gursken.

Totalt tilbyr Selstad sine tenester frå 18 lokasjonar i Norge, Island, Skottland, Sør-Korea og russiske Vladivostok.

Styret ser positivt på framtidsutsiktene, med unntak av at krigen i Ukraina og russiske sanksjonar vil få konsekvensar for den russiske marknaden.

313 årsverk
Trass i stor internasjonal satsing, er framleis over halvparten av salet til kundar i Norge. I fjor kom 521 millionar kroner av inntektene frå Norge.

Konsernet har no rundt 400 tilsette fordelt på 313 årsverk.

Eigenkapitalen er på 309,1 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 531,0 millionar, opp frå 338,8 millionar året før.

Hans-Petter Selstad er hovedaksjonær med 53,1 prosent av aksjane, medan Tor, Bjørn og Arne Selstad eig 9,9 prosent kvar.

Publisert: 10.08.2022 04:02

Sist oppdatert: 10.08.2022 08:46

Mer om