Nils Per Sjåstad Simona Stadpipe Aqua Nor 2023 foto Ogne
KLAR FOR MESSE: Oppdrettsteknologimessa AquaNor ventar opptil 30.000 besøkande. Simona Stadpipe-sjef Nils-Per Sjåstad
Nytt

Lakseskatten stoppa oppturen

Simona Stadpipe med rekordår i 2022. I år er det «betydeleg mindre» inntekter.

21.08.2023

- Mykje lågare enn det vi hadde forventa, seier dagleg leiar og medeigar Nils-Per Sjåstad i Simona Stadpipe på Stadlandet om inntektsutviklinga hittil i år.

Han er i innspurten med å få gjort klar selskapet sin stand på oppdrettsteknologi-messa Aqua Nor, som opnar i Trondheim i morgon, der opptil 30.000 besøkande er venta i løpet av dei tre dagane messa varer.

Selskapet, med 45 tilsette, lagar rørdeler og -system, og har oppdrettsbransjen som hovudmarknad. Blant kundane er mellom andre Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy. Omlag 80 prosent av inntektene kjem frå bedrifter i oppdrettsnæringa, ifølgje Sjåstad.

Rekord for tredje år på rad
I fjor sette Simona Stadpipe inntektsrekord for tredje år på rad. 189,9 millionar kroner i driftsinntekt er over ei dobling samanlikna med 2019.

Sjåstad er godt nøgd med veksten, men seier selskapet i fjor vart råka av prisstiginga. Den greidde selskapet ikkje å kompensere for ved å auke prisane, og han er ikkje heilt nøgd med lønsemda i 2022 (sjå tabell under).

No arbeider selskapet for å få indeksregulert alle kontrakter for å unngå å kome i same klemma som i fjor.

Oppdrag på vent
I år blir inntektene «betydeleg mindre», seier Sjåstad. Grunnen er grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa, som regjeringa varsla i fjor og fekk innført frå årsskiftet. Det gjorde at oppdrettselskapa setter bremsene på for nye investeringar.

Konsekvensen blei at oppdrag blei sett på vent, og tilgangen på nye oppdrag å rekne på tørka inn.

Sjåstad trur ein del av dei utsette prosjekta blir sett i gang att, etter at oppdrettselskapet har rekna på dei på nytt. Men framleis er det uvisse om alle detaljane om oppdrettskatten, og mindre oppdrettarar vil framleis vente til dei har betre oversikt før dei investerer igjen, trur Sjåstad.

Tyske eigarar
I 2020 selde Nils-Per og Kurt Sjåstad 75 prosent av aksjane i Stadpipe til det tyske selskapet Simona Group, og skifta namn til Simona Stadpipe.

Det kjem godt med no, når oppdrettsmarknaden i Noreg har krympa, meiner Nils Per Sjåstad.

Simona Group sitt internasjonale nett av seljarar har mellom anna medverka til at Simona Stadpipe er leverandør til selskapet Pure Salmon sitt landbaserte anlegg i Japa.

Simona Stadpipe as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt189,6129,2
Driftsresultat3,18,1
Resultat før skatt2,77,9

Publisert: 21.08.2023 13:27

Sist oppdatert: 21.08.2023 17:40

Mer om