Geiranger Bakeri Kremmergården stengt foto Marius Rosbach 11
STORE TAP: Samla krav etter konkursane i Geiranger Bakeri-selskapa enda på 12 millionar, der 2,75 millionar er lønnskrav. Resten vart det ikkje dekning for, ifølgje bustyrarrapportane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bustyrar fekk anonyme trusselbrev

Geiranger Bakeri-konkursane er avslutta. Både bustyrar og tidlegare leiing har meldt pengekrav til politiet.

Marius Rosbach
12.06.2023

Førre veke innstilte Møre og Romsdal tingrett arbeidet med bubehandlinga etter Geiranger Bakeri-konkursane i vinter.

Årsaka er det at ikkje er midlar i buet til å halde fram arbeidet.

Det mest oppsiktsvekkande som kjem fram i sluttrapportane er at bustyrar Anne Hovde fekk to anonyme brev med truslar mot bustyrar «dersom ikke anmeldelse finner sted», skriv Hovde i rapporten.

Advokaten fortel til NETT NO at ho ikkje opplevde breva som skremande på noko vis, og ho antek «truslane» gjaldt at ho kunne fått ei klage mot seg.

– Det stod noko om at hvis eg ikkje gjorde slik og sånn – og melde saka, så skulle det få konsekvensar, fortel Hovde.

I rapporten blir det påpeika at ho ser på kravet som irrelevant, ettersom det er sett fram anonymt. Det er ikkje elles komme krav om karantene, eller andre merknader til bubehandlinga.

Krev ikkje konkurskarantene
Konsernet som melde oppbod i januar besto av G-B Holding, Gb Ålesund, Gb Devold, Gb Sykkylven, Gb Utstillingsplassen og Gb Geiranger. I tillegg eide de halvparten av Bringebær As, som hadde utsal i Volda.

Kring 35 tilsette missa jobbane sine i samband med konkursane. I ettertid har andre drivarar teke over drifta i fleire av lokala.

Bustyrar skriv i dei avsluttande rapportane at det er fleire grunnar til å kritisere forretningsførselen til styret, og at det er mistanke om fleire straffbare forhold.

Likevel har advokaten landa på at ho ikkje vil krevje konkurskarantene.

Mangel på kontroll og tilsyn
Hovde skriv at det i hovudsak dreiar seg om manglande kontroll og tilsyn med drifta. Bustyraren har vore kritisk til rekneskapsføringa frå starten og omtala den som svært mangelfulle og delvis uforståelege.

Fordi arbeidet med å få på plass ein konsernstruktur ikkje vart følgd opp, var det ikkje nokon reell kontroll med heilskapen i økonomien i bakerikonsernet.

Bustyrar skriv at det er formildande at styreleiar hadde engasjert profesjonell rekneskapsførar og rådgjevar.

I vurderinga om å ikkje anbefale konkurskarantene, har det vore tungtvegande at leiinga ikkje har hatt eigen vinning av feila som er gjort.

Politimelder styreleiarane
Ved konkursopningane var det ikkje sett av midlar til skattetrekk.

Dette er mellom fleire forhold som bustyrar meiner kan vere straffbare, men som det er opp til skatteetaten å ta stilling til.

Bustyrar har óg sett fram krav mot dei to styreleiarane for manglande kontantinnbetaling i fleire av selskapa. Totalt er kravet på kring 358.000 kroner.

– Her blir det gitt ei melding til politiet, ettersom dei ikkje vil betale, fortel Hovde.

Meiner dei ikkje kan krevjast for pengane
NETT NO har spurt om dei tidlegare styreleiarane, Stian Lystad og Rene Wuya, har noko å seie til pengekravet - eller bubehandlinga elles.

Dei to styreleiarane svara i ein e-post at dei sjølv har meldt frå om dei manglande kontantane til politiet. Dei har også gitt informasjon om kven som har handtert pengane.

Dei «benekter selvsagt å betale inn disse manglende kontantene, når det åpenbart ikke er vi som har hatt de daglige rutinene og håndtert kontanter. Som bobestyrer også skriver, vi har overhode ikke hatt noen egen vinning på noen som helst måte», heiter det vidare i e-posten.

Lystad og Wuya meiner det verken er rettsleg, eller faktisk grunnlag for å krevje dei for dei sakna pengane. Duoen skriv også at dei har hyret inn advokat, og meiner at bustyrar gjer ei feilaktig politimelding.

  • Då dei vart forelagt utkast til denne artikkelen sende Lystad og Wuya ein ny e-post med eit svar dei ønska teke inn i saka (les heile svaret under, journ. anm.)

Håpte å få Havila på eigarsida
Leiinga i bakerikonsernet har forklart at dei frå starten, hadde eit ønske om å få inn fleire investorar for å utvide drifta.

Samtidig som gründerane gjekk inn med eigne midlar, jobba dei med å få inn fleire langsiktige eigarar.

Den gong hadde bakeri-gründerane oppriktig trua på at Havila As ville gå inn som ny solid eigar i bakerikonsernet sitt holdingselskap. Framstøyten med å få inn Havila-konsernet på eigarsida, stranda i desember 2022, ifølgje rapportane.

Havila er eigd av Sævik-familien i Herøy, og har mellom anna hotelldrift i Geiranger, der eitt av bakeriutsala held til.

Uaktuelt å starte opp att
Sjølv om dei hadde stor tru på konseptet, fortalde Lystad til NETT NO i vinter at det var uaktuelt å starta opp ny bakeriverksemd.

– Nei, etter å ha halde på døgnet rundt med dette i fleire år, er det stopp for min del, sa Lystad - som la til at det i første rekke var synd på dei tilsette som stod utan arbeid.

Dei samla krava etter konkursane er på 12 millionar kroner. Av dette er 2,75 millionar krav frå tilsette til lønsgarantifondet. Det er ikkje midlar i buet til andre kreditorar, ifølgje rapportane frå bustyrar.

Heile tilsvaret frå dei tidlegare styreleiarane Stian Lystad og Rene Wuya:

Vi har vel ikke noe mer å tillegge mer en at det er fint at saken/ konkursen nå er avslutta.

Egentlig ikke noe nytt som fremkommet i avslutningene mer en att det er noen som sendt anonyme trusler til bostyrer men det takket hun fint.

I forhold til kontantavviket.

Vi har uttalt oss om dette tidligere til Sunnmørsposten , og har ikke forandra mening siden den gang. Vi har som nevnt og politianmeldt forholdet for 5 måneder siden og saken ligger hos politiet.

Vår juridiske bistand i saken er og av oppfatningen at bostyrer utfører en feilaktig politianmeldelse.

Utdrag ut korrespondanse mellom vår advokat og bostyrer:

«Jeg har for ordens skyld også gått igjennom kommentarene og sett igjennom relevant rettspraksis, og jeg har ikke funnet noen avgjørelser som innebærer at det å være styreleder og/eller daglig leder blir straffet for andres tilegnelse av penger. Men om bostyrer står fast ved denne vurderingen, så får vi ta dialogen med politiet rundt dette.

Lystad og wuya fastholder for øvrig at det verken er faktisk eller rettslig grunnlag for å holde de personlig ansvarlig for disse beløpene, og det er naturligvis ikke aktuelt å betale et uberettiget krav for å unngå en feilaktig politianmeldelse.

Med vennlig hilsen

Øystein Remme»

Ellers så forholder vi oss nå til at konkursen nå er ferdig og avslutta. Selskapa er sletta.

Så håper vi att Nett.no og Marius finner andre spennde ting å skrive om og kan lage for eksempel en spennde artikkel om alle de kule stedene som startet opp i tidligere lokalene til Geiranger Bakeri for eksempel.

Mvh

Stein & John

Publisert: 12.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.06.2023 07:03

Mer om