Magnus Renaa Kjørseng Magnus August Thorsrud Weidemann NTNU studenter Plan Sea Foto Marius Rosbach 11
SKAL BYGGE PROTOTYPE-BÅT: Prosjektleiar Magnus Renaa Kjørseng (t.v.) og leiar for propulsjonsgruppa Magnus August Thorsrud Weidemann (t.h.) saman med studentane som har jobba med skrog og framdrift. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bygger båt som skal samle plast frå havet

NTNU-studentar med kjempeprosjekt som vil gi arbeid i fleire år. Håpar å sjøsette prototype før sommaren.

Marius Rosbach
25.11.2023

Om alt går etter planen kan ei gruppe studentar frå NTNU i Ålesund sjøsette sin eigenbygde båt i løpet av neste semester. Fartøyet skal bidra til å gjere noko med det som har utvikla seg til eit stort miljøproblem – plast som har hamna i sjøen.

Fredag var det presentasjon av det ambisiøse prosjektet som har fått namnet «Plan Sea», med alle dei involverte samla.

– Vi skal bygge ein fullstendig prototype med skrog, motorar, kran og løysinga som skal nyttast under vatn for å samle inn plasten i sjøen, fortel prosjektleiar Magnus Renaa Kjørseng til NETT NO.

Julie Billon NTNU student plan sea foto Marius 11
ELEKTRISK FRAMDRIFT: Julie Billon fortalde om energibruken til fartøyet dei har tenkt til å bygge. Dei planlegg å ha elektrisk framdrift ved hjelp av tre motorar som får energi frå 13 batteri om bord. Foto: Marius Rosbach

Sjølvstyrt med batteridrift
Førebels er det meste teori på teiknebrettet. Neste semester startar sjølve bygginga.

– Vi skal lage ein nedskalert prototype som fungerer i den verkelege verda, fortel prosjektleiaren.

Tanken er at fartøyet skal segle autonomt og ha installert eit system for dynamisk posisjonering. Det gjer at båten held seg i ro under oppdrag.

Framdrifta blir elektrisk ved hjelp av batteri om bord, og skrogmaterialet blir truleg aluminium for å ha låg vekt.

Skal bli testa på sjøen
Ei av dei store utfordringane med plast i havet, er at store delar av den synk ned til mellomhavet, eller til botn.

I tillegg til kraner for å løfte om bord plasten, skal fartøyet vere utrusta med ein fjernstyrt undervassfarkost. Den skal kunne dykke ned til kring 100 meter og ta med 50 kilo plast om gangen til overflata.

Målet er at fartøyet på sikt skal ha kapasitet til å ta med eitt tonn plast på kvar tur. Når prototypen er ferdig bygd, skal den bli testa i sjøen mellom Giske og Godøya.

– Vi har også sett på moglegheitene for å ha fleire fartøy som opererer i eit større område, eller å ha eit større fartøy som kan operere meir over tid. Førebels har vi ikkje bestemt oss for kva vi landar på, legg Kjørseng til.

Hjelp frå den maritime industrien
Om lag 20 studentar er involvert i arbeidet og dei er delt inn i grupper med ulike ansvarsområde. Arbeidet har allereie gått føre seg kring eit halvår.

For å hjelpe seg i arbeidet, har studentane kopla på kunnskap frå industrien i form av representantar frå Ulstein Group, Nogva Motorfabrikk, Oceanfront og Kongsberg Maritime.

– Dei er ressursar vi kan lene oss på undervegs, i tillegg til førelesarar og undervisarar ved NTNU, seier prosjektleiar Kjørseng.

Storleik ei utfordring ved bygging
Før studentane kjem til ein ferdig prototype, er det framleis ein rekke utfordringar som må løysast. Om det finst ferdige produkt tilgjengeleg, vil dei kjøpe inn. Elles er dei nøydd til å bygge ting sjølv frå botnen.

Magnus August Thorsrud Weidemann leiar gruppa som jobbar med skrog og framdrift. Han fortel at storleiken er ei utfordring på fleire vis når dei skal bygge prototypen på NTNU.

– For propulsjonsgruppa har skala heile tida vore ei utfordring. Vi har restriksjonar på alt frå dørbredder og storleik på rom, til tjukkelsen på materialet vi skal nytte, fortel han.

Magnus Renaa Kjørseng NTNU Foto Marius 11
STORT PROSJEKT: Prosjektleiar Magnus Renaa Kjørseng fortalde om arbeidet med prototype-båten. Plan Sea-prosjektet er mellom dei mest omfattande studentarbeida nokon gong ved NTNU Ålesund. Foto: Marius Rosbach

– Arbeid i mange år framover
Instituttleiar Hans Petter Hildre ser fleire gode ved prosjektet. Først og fremst jobbar studentane med det som er eit kjempestort globalt problem, påpeiker han.

– I 2050 vil vi har meir plast i havet, enn fisk. Også tek det mellom 500 og 1000 år for det forsvinn. Vi må plukke det opp, seier Hildre.

Samtidig er prosjektet ei tverrfagleg «kjempeutfordring» for studentane – som aldri har vore gjort før, påpeiker Hildre.

Arbeidet er ikkje ferdig når prototypen er bygd. Instituttleiaren fortel at nye studentar kan vidareutvikle prosjektet vidare dei komande åra.

– Her vil det vere arbeid i mange år framover og det er mange problemstillingar vi ikkje veit svaret på enno, seier Hildre.

Publisert: 25.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.11.2023 23:23

Mer om