Atlantic Sapphire Johan Andreassen innfelt aksjekurs foto Ogne 11
STUPTE: Kursutviklinga for Atlantic Sapphire-aksjen, til venstre for bildet av Atlantic Sapphire-sjef Johan Andreassen som nylig deltok på Gath-konferansen i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kursslakt etter laksedød

Atlantic Sapphire mindre verdt enn emisjonsbeløpet dei henta inn i sommar.

Marius Rosbach
17.10.2022

Atlantic Sapphire-aksjen stupte då handelen ved Oslo børs tok til måndag. Etter kort tid var store børsverdiar vekke.

Da handelen slutta måndag var kursen ned heile 45,81 prosent til 6,99 kroner. Det verdset selskapet til 1,07 milliardar - mindre enn beløpet som blei henta inn i ein emisjon i sommar.

Bakgrunnen til krakket er den dårlege nyheita lakseoppdrettarane kom med tidleg måndag. Selskapet har slitt med unormal høg dødelegheit. Difor er mykje av fisken slakta tidlegare enn først planlagt, med ei snittvekt på berre to kilo.

- Det siste selskapet trengte nå, seier aksjeanalytiker Christian Olsen Nordby i Kepler Cheuvreux til Dagens Næringsliv om meldinga frå Atlantic Sapphire.

Han stiller spørsmål ved om selskapet vil greie et positivt driftsresultat, og dermed risikerer å diskvalifisere for et lån fra DNB.

Dette er kapital selskapet er avhengig av for å fullføre utbyggingen av andre fase ved oppdrettsanlegget i Florida. Seinast i juni vart det henta inn 1,2 milliardar kroner i ny eigenkapital.

Har hatt problem tidlegare
Atlantic Sapphire vart råka av ein brann i anlegget selskapet hadde i Hvide Sande i Danmark, men har satsa stort på å byggje opp eit stort anlegg ved Miami i Florida. Ved Miami-anlegget har det også tidlegare vore problem med at mykje fisk har døydd.

No vert det tatt grep for å finne årsaka til den høge dødelegheita, og setje inn tiltak. Blant anna vert no systemet for nedkjøling av inntaksvatnet oppgradert, for å sikre auka temperaturstabilitet.

Ny avtale for Hexagon-dotter

Hexagon Composites melde måndag om ei kontrakt på 288 millionar kroner med eit stort nordamerikansk lastebilselskap. Kontrakten gjeld tankar og system for bruk av biogass som drivstoff, ifølgje børsmeldinga. Aksjen steig 1,53 prosent til 22,60 kroner ved slutten av dagen.

Hav Group hadde best kursutvikling av selskapa frå Nordvestlandet med ei auke på 3,85 prosent til 9,98 kroner.

Sjå børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 9,98 3,85 %
Nortel 19,40 3,74 %
Norva 24* 31,55 1,77 %
Hexagon Composites 22,60 1,53 %
Havyard Group 3,30 0,30 %
Hexagon Purus 18,71 0,27 %
Salmon Evolution 8,46 0,12 %
Arctic Bioscience 13,65 0,00 %
Havila Kystruten 18,20 0,00 %
Sparebanken Møre 69,96 -0,06 %
Endúr 27,30 -0,36 %
Hofseth Biocare 3,43 -1,15 %
Statt Torsk 2,12 -1,40 %
Golden Energy Offshore Services 1,68 -4,82 %
Havila Shipping 11,94 -7,44 %
Atlantic Sapphire 6,99 -45,81 %
*Svenske kroner

Publisert: 17.10.2022 10:40

Sist oppdatert: 17.10.2022 17:25

Mer om