Ole Erik Almlid Ålesund
TOMMEL OPP: NHO-sjef Ole Erik Almlid.gir tommel opp til forslaget fra regjeringa om skatteforslaget for oljenæringa. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Seier ja til ny oljeskatt

NHO og Norsk olje og gass har bestemt seg for å støtte kontantstraumsskatt for petroleumssektoren

Marius Rosbach
06.09.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): – NHO støttar at særskatten for petroleumsskatten blir gjord om til ein kontantstraumsskatt, stadfestar NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Han trekkjer fram at det nye systemet vil verke nøytralt, slik at investeringar som er lønnsame før skatt, også er lønnsame etter skatt.

– Det er bra, fastslår Almlid.

Skatteforslaget får òg støtte frå NHO-organisasjonen Norsk olje og gass. Det er klart etter eit styremøte måndag.

– Vi trur det vil sikre nøytraliteten i skattesystemet og bidra til føreseielegheit for næringa, seier administrerande direktør Anniken Hauglie i Norsk olje og gass til NTB.

Kom overraskande
Det overraskande skatteforslaget vart lagt fram av regjeringa under hemmelege omstende tysdag førre veke, mindre enn to veker før valet.

Hovudgrepet i forslaget er innføring av ein kontantstraumsskatt for petroleumssektoren, og målet med omlegginga er ifølgje regjeringa å sikre eit strammare og meir nøytralt skatteregime der bedriftene ikkje får insentiv til å investere i ulønnsame prosjekt.

Hauglie meiner skildringa til regjeringa i det store og heile er rett, sjølv om grepet vil slå litt ulikt ut for ulike selskap.

– Vi meiner det i all hovudsak vil vere eit godt grep for næringa, seier ho.

Frigjer kapital
Med det nye systemet blir selskapa venta å få 45 milliardar kroner meir å rutte med i 2022.

Men dette er berre ein kortsiktig effekt, og på sikt blir det nye regimet venta å auke skatteinntektene til staten med 7 milliardar kroner i året.

Også Arbeidarpartiet signaliserer støtte til omlegginga. Det same gjer Fellesforbundet, LOs største forbund i privat sektor.

Parti som MDG og Framstegspartiet har derimot slakta forslaget – med heilt motsette grunngivingar. Medan MDG kallar omlegginga ein «milliardfest for oljeindustrien», meiner Frp at skatteforslaget vil føre til mindre oljeleiting, færre arbeidsplassar og kutt i norsk velferd.

Hauglie meiner for sin del at det låg i korta at oljeskatten måtte endrast.

– Vi var nok litt overraska over at det kom akkurat no. Men at noko ville skje, det overraska ikkje så veldig mange som har følgt debatten, seier ho.

Kan ramme enkeltselskap
Hauglie tek likevel atterhald om at Norsk olje og gass i høyringa vil komme tilbake til nokon sider ved forslaget, blant dei korleis det vil påverke leiteaktiviteten framover.

– Forslaget ser i det store ut til å vere ok for næringa. Men det kan slå uheldig ut for ein del av selskapa, så det må vi sjå nærare på.

– Er de bekymra for situasjonen til dei reine leiteselskapa?

– Det er blant dei tinga vi skal komme tilbake til i høyringsrunden.

Høyringa om forslaget går no føre seg fram til desember. Regjeringas plan er å leggje ein lovproposisjon fram for Stortinget til våren, og at endringane skal tre i kraft i 2022.

(©NPK)

Publisert: 06.09.2021 21:01

Sist oppdatert: 06.09.2021 21:08

Mer om