Ulstein diamond SOV James Fisher ULSTEIN SX221 SOV 11
X-STERN: Ulstein omtalar designet som «eit skip med to akterendar». Fire hovudpropelleiningar gjer fartøyet godt tilpassa operasjonane ved havvindparkar. Illustrasjon: Ulstein Group
Nytt

Ulstein i samarbeid om serieproduksjon

Vil bruke X-Stern-designet som utgangspunkt.

Marius Rosbach
21.06.2022

Ulstein Group har inngått samarbeid om å utvikle ein type vindskip basert på Ulstein SX221-designet – som er eit Twin X-Stern servicesskip for havvind, ifølgje ei pressemelding tysdag.

Skipet dei vil utvikle blir omtala som «Diamond SOV og med i Diamond-konsortiumet er også DnV, Graig Shipping og James Fisher and Sons.

Aktørane er for tida i dialog med store verftsgrupper for å kome fram til spesifikasjonane i samarbeid med utvalde kundar. Målet er å ha første - av ein serie med skip – ferdig innan utgangen av 2024.

– Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med DnV i mange år gjennom Diamond-forretningsmodellen som vert leia av Graig, seier administrerande direktør Hugh Williams i Graig Shipping i meldinga.

– Vi brukar no denne skalerbare strategien på dei globale havvindmarknadene med eit spesielt fokus på britisk farvatn, og bidreg med dette til å møte miljømåla som ligg føre oss, legg han til.

Ifølgje meldinga skal konseptet adressere logistikkvanskar i forsyningskjedene med ei skalerbar, modulbasert løysing, der seriekonstruksjon og høgt volum kan møte vindkraftaktørane sine avgrensingar i tid og budsjett.

Publisert: 21.06.2022 15:35

Sist oppdatert: 22.06.2022 08:41

Mer om