Lars Oscar Fossen Øvstegård Geir Høydalsvik foto privat 2
KLARE TIL SØKSMÅL: Lars Oscar Fossen Øvstegård og rekneskapsføraren hans, Geir Høydalsvik, er klare til å saksøke staten. Framover vil dei samle inn pengar til arbeidet, men Øvstegård påpeiker at søksmålet uansett blir ein realitet. Foto: Privat
Nytt

– Det handlar ikkje om milliardærane

Mindre næringsaktørar kan ikkje selje aksjar, eller flykte til Sveits, påpeiker Mads Andenæs. Han tar søksmålet om formuesskatten mot staten.

Marius Rosbach
19.01.2024

No er det klart at søksmålet Lars Oscar Fossen Øvstegård har jobba med, blir ein realitet. Målet er å få innkrevjinga av formuesskatt på arbeidande kapital kjent ulovleg.

Ein rekke fleire brikker har falle på plass dei siste månadene. Ved årsskiftet fekk Øvstegård ja frå jussprofessor Mads Andenæs til å føre saka.

Det skal den svært anerkjende juristen gjere saman med Carl Baudenbacher, som er kjent for arbeidet sitt med EØS og EU-rett, og i ei årrekke var president i EFTA-domstolen.

– Eg har fått veldig mykje støtte den siste tida, og endeleg opplevd at mange også forstår den uretten som blir gjort, seier Øvstegård til NETT NO.

Vil samle inn pengar til søksmålet
Framover vil det bli jobba med å samle inn pengane som trengst. Allereie er dei oppe i kring 1,1 millionar kroner. Det er pengar som i stor grad har kome frå Øvstegård sjølv og dei næraste støttespelarane. Snart vil dei også gå breiare ut via Spleis, eller liknande for å sikre finansieringa.

– Vi treng om lag ein million kroner til, seier Øvstegård.

Ørstingen som sjølv er ein liten aktør på næringseigedom, seier at det i botnen handlar rettferd.

– Eg aksepterer rett og slett ikkje den uretten som blir gjort mot norsk næringsliv. Og hugs at det ikkje er skatt som skapar velstanden i eit samfunn, men inntektene som generer skatten, påpeiker han.

Bjarte Aambø Sylvi Listhaug Lars Oscar Fossen Øvstegård Geir Høydalsvik foto Marius Rosbach 11
MYKJE STØTTE: Lars Oscar Fossen Øvstegård har fått mykje støtte i arbeidet med søksmålet. Her er han og Geir Høydalsvik saman med advokat Bjarte Aambø og Frp-leiar Sylvi Listhaug då dei la fram planane i fjor. Foto: Marius Rosbach

– Aksepterer ikkje regjeringa si historieforteljing
Geir Høydalsvik – som er Øvstegård sin rekneskapsførar og våpendragar – forklarar at bedriftseigarar som Øvstegård, er i ein heilt anna situasjon enn næringsdrivande med milliardverdiar.

– Det handlar ikkje om milliardærane. Når ein les om formuesskatt, så handlar det ofte om milliardærar som flyttar til Sveits. Dette er sjølvsagt eit tap for landet, men det er jo ikkje det som er saka, fortel Høydalsvik.

Som dagleg leiar i Reknehuset er han i kontakt med ein rekke små og mellomstore bedrifter. Mange fortel at dei har store utfordringar som følgje av dei skjerpa eigarskattane som er innført under Støre-regjeringa.

– Vi aksepterer ikkje regjeringa si historieforteljing, som er langt frå den verkelegheita som 98 prosent av norsk næringsliv kjenner på kroppen kvar dag, legg han til.

Skal ikkje straffast ulikt – og utan utgreiing
Ei av årsakene til at jussprofessor Mads Andenæs har takka ja til saka, er at det er ein mindre aktør som Lars Oscar Fossen Øvstegård, som står bak.

I ein e-post skriv Andenæs at løysingar som å selje aksjar, i praksis er stengt for mindre- og mellomstore aktørar. Og kreditt er dyrt og stadig mindre tilgjengeleg. Å flytte til Sveits er heller ikkje eit realistisk alternativ for dei aller fleste.

Ifølgje jussprofessoren handlar søksmålet i første rekke om grunnleggande prinsipp om likskap. Det tilseier at næringsdrivande ikkje skal straffast på ein måte som råkar ulikt – slik som tilfellet er mellom norske og utanlandske eigarar med formuesskatten. Og tiltaket skal uansett utgreiast før eit skattevedtak blir gjennomført.

Andenæs meiner samtidig at formuesskatten ikkje verkar etter hensikta, og at den er i ferd med å skade nyskapinga og konkurranseevna her til lands.

Terje Bøe Spilka foto Spilka Industri
ALLIERT: Spilka-sjef Terje Bøe har blitt ein alliert med Øvstegård i arbeidet med søksmålet. Han har mellom anna fortalt til NETT NO korleis eigarane slit med å betale formuesskatten av vanlege løner. Foto: Spilka Industrier

Vil føre saka i Ålesund
Mads Andenæs skal først skrive ein studie saman med Baudenbacher som skal samanlikna korleis formuesskatt og andre skattar blir nytta i nokre utvalde land. Store delar av dei innsamla midlane vil gå til dette arbeidet.

Den andre delen av jobben med søksmålet dreiar seg forholdet til grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Om saka går heile vegen i det norske rettssystemet, er det også mogleg å ta saka vidare til internasjonal rett.

Planen er i første rekke å levere søksmålet ved Møre og Romsdal tingrett i Ålesund. Ettersom det ikkje har vore ført ei sak i rettssystemet som utfordrar formuesskatten, vil retten starte med blanke ark.

Om nokon kan vinne fram her, så er det han, med sin energi og engasjement som drivkraft
Mads Andenæs

– Ein allianse utan sidestykke
Lars Oscar Fossen Øvstegård legg ikkje skjul på at det er eit stort stykke arbeid han har teke på seg. Også jussprofessor Andenæs er imponert over stå-på-viljen og innsatsen.

– Han har samla ein allianse utan sidestykke. Om nokon kan vinne fram her, så er det han, med sin energi og engasjement som drivkraft, skriv Andenæs i e-posten.

Samtidig har Øvstegård støttespelarar i alt frå Spilka-sjef Terje Bøe, til lokale næringssjefar og ein rekke mindre bedriftseigarar. Difor har han også trua på at dei vil nå fram.

– Misser vi underskogen av norsk næringsliv, så har vi eit alvorleg problem. Difor vil eg ikkje akseptere forskjellsbehandlinga og beslaglegginga av kapital som skal gå til å skape verdiar, arbeidsplassar, skatteinntekter – og dermed framtidig velferd, seier Øvstegård.

Publisert: 19.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 19.01.2024 11:40

Mer om