Statsrådar og bedrifter må snakke same språk
Nokre næringspolitiske val er for viktige til at dei skal drukne i talekunst.
Formuesskatt har vore eitt av det siste årets store politiske stridstema. Dei er også mellom skattane som «vanlege folk» har størst utfordringar med å forstå korleis fungerer
Då er det også eit behov for at debatten ikkje blir tåkelagt med retorikk og halvsanne poeng.
Svara som næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kom med då Alfred Bjørlo (V) nyleg spurte statsråden i Stortinget om uro kring norsk eigarskap, er eit eksempel.
Nordfjordingen ville vite kva Vestre meinte om utviklinga med at det er blitt meir gunstig å vere utanlandsk eigar av bedrifter i Norge, som følgje av regjeringa sin skjerping av eigarskattane dei siste åra.
I spørsmålet viste Bjørlo mellom anna til Sævik-familien sitt selskap Havila Holding, som ved salet av Fjord 1 fortalde at belastinga med formuesskatt gjorde at dei meinte både reiarlaget og familieselskapet var best tent med å skilje sine vegar.
Statsråden starta sitt svar med å peike på kor bra det står til i norsk næringsliv. Og slik held det fram.
Vestre la til at regjeringa vil vere vakne for at framande statar kan bruke investeringar og oppkjøp i Norge, som eit verkemiddel for å få innsikt i sensitiv informasjon. Det er eit godt teikn, etter at den sikkerheitspolitiske konsekvensen av eit svekka norske eigarskap, i stor grad har vore fråverande i den politiske diskusjonen.
Svaret frå statsråden munna ut i at han trur norske eigarar er best i stand til å gjere sine vurderingar ut frå bedriftsøkonomiske omsyn.
I interpellasjonen i Stortinget held Bjørlo fram med å spørje om næringsministeren ser at «formuesskatten, slik han er innretta i dag, er ei utfordring for å ta vare på norsk kapitalbygging i norsk næringsliv».
Utover at statsråden viste til generelle fordelar ved det norske samfunnet, kan svaret frå Vestre oppsummerast til at formuesskatten er ein av «våre mest omfordelende skatter». Å fjerne den, vil gjere kring 27.000 av dei rikaste her til lands til nullskattteytarar, meinte han.
Vestre la til at formuesskatten ikkje er høgare no enn for ti år sidan, og at Norge har låg skatt på formue samanlikna med snittet i OECD-landa.
For å ta det første først: At formuesskatten er meir fordelande enn andre skattar, bygger på at ein skal «ta frå dei rike og gi til dei fattige».
At det er ein grunnleggande skilnad i synet på kor mykje fordeling ein Ap-statsråd og ein næringslivsleiar – eller Venstre-politikar – vil ha, bør ikkje overraske. Og at dei aller rikaste skal sleppe å betale til fellesskapet, bryt med refleksen i ryggmargen til dei fleste nordmenn.
Bodskapen frå bedriftsleiarane som no er uroa for konsekvensane av formuesskatten, er samtidig at dei er villige til å bidra med meir skatt – men på andre måtar enn med formuesskatten. Å auke selskapsskatten, eller å skattelegge privat forbruk kraftigare, er mellom alternativa Knut Flakk har lagt på bordet for å hente inn desse inntektene til statskassa.
Det er med andre ord andre alternativ til å drive politisk omfordeling.
Når næringsministeren seier at formuesskatten ikkje er høgare no enn for ti år sidan, ser han mellom anna vekk frå både auke i utbytteskatten og verdisetting av til eksempel næringseigedomar. Ei undersøking Regnskap Norge har gjort, viser at eigarskattane samla sett har dobla seg under Støre-regjeringa dei siste to åra.
Det er noko Vestre sjølvsagt er klar over, men som han vel å hoppe bukk over.
Til sist kjem næringsministeren sitt argument om at Norge har lågare skatt på realformue, enn snittet i OECD-landa. Det har Vestre heilt rett i. Men han let vere å seie at årsaka i stor grad har å gjere med at skatt på privatbustadar og fritidseigedomar, er langt lågare her til lands.
Det er eit også eit poeng at regjeringa sitt eige ekspertutval meinte skattlegginga på næringsverksemd burde dempast, og at ein i staden burde betale meir til fellesskapet for privat eigedom – og formue. Grunngjevinga var å auke investeringane i næringslivet og den same verdiskapinga her til lands.
Gevinsten for «vanlege folk» var lågare skatt på lønnsinntekta, men det drukna i nyheitsstraumen om at utvalet foreslo at folk måtte betale skatt på bustaden sin. Og skatteutvalet sitt forslag har regjeringa lagt i skuffen.
Alt dette er sjølvsagt næringsministeren klar over. At statsråden likevel let vere å svare på uroa om eit svekka norsk eigarskap, kan ha ulike forklaringar.
Kanskje meiner han oppriktig at det norske samfunnet er best tent med å hente inn pengane ved hjelp av desse eigarskattane.
Som tidlegare leiar i familiens møbelbedrift, veit Jan Christian Vestre likevel betre enn dei fleste politikarar kva mekanismar som slår inn for eit selskap som må bruke pengar på å betale utbytte til eigarane sin formuesskatt, framfor å investere i ny verksemd.
Han forstår med andre ord godt kva det inneberer når venstrepolitikaren Alfred Bjørlo fortel om uro hos bedriftene som må betale skatt, i staden for å investere i nye arbeidsplassar.
Kanskje handlar også svara til næringsministeren om den politiske kostnaden med å gjere innrømmingar. Men det bør ikkje stå i vegen for fornuftige politiske løysingar.
(les heile replikkvekslinga mellom Bjørlo og Vestre på Stortinget sine nettsider)
Les også
Publisert: 10.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.12.2023 16:32