Ole Erik Almlid Foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: NHO-sjef Ole Erik Almlid kom til Ålesund og politisk debatt måndag kveld. LO-leiaren måtte melde avbod. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– La oss ha ein skikkeleg skattedebatt

NHO-sjefen får mange tilbakemeldingar frå bedrifter som tek store utbytter for å handtere skatterekninga.

Marius Rosbach
22.08.2023

Det politiske debattmøte NHO Møre og Romsdal arrangerte i Ålesund måndag, vart eit antiklimaks etter at LO-leiar Peggy Hessen Følsvik melde avbod.

NHO-leiar Ole Erik Almlid var derimot på plass. Han tek til orde for ein heilskapleg debatt om skattesystemet – og meiner det viktigaste for næringslivet framover, er å senke skattetrykket på bedriftseigarane.

– La oss ha ein skikkeleg skattedebatt i valkampen 2025 om kva vi skal ta opp og kva vi skal ta ned. Eg meiner det viktigaste no, er å ta ned eigarskattane. Så kan vi diskutere korleis vi kan finansiere det, seier han.

Mange må ta store utbytter
NETT NO fortalde måndag at Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal meiner bedrifta no tek ut «alt for mykje» i utbytte – og peikar på auken i formues- og utbytteskatt som den direkte årsaka.

– Eg høyrer det same frå mange, som seier at dei må ta ekstraordinære utbytter for å betale formuesskatten, seier Almlid.

Han meiner skattenivået for næringslivet bør vere ei hovudsak i valkampen i 2025.

– Korleis ønsker vi at bedriftene skal få moglegheit til å investere til eksempel i det grøne skifte og nye arbeidsplassar, spør han.

– Tappar selskap for store verdiar
Bedriftene sine 2022-rekneskap som er omtalt i sommar, viser at ein rekke selskap no tek langt større utbytte enn tidlegare.

– Det er ein ønska politikk frå regjeringa si side, og resultatet blir at ein tappar selskap for store verdiar, seier NHO-sjefen.

Almlid fortel om eit eksempel der ein ung arving i 20-åra tok over familiebedrifta.

– Det første han måtte gjere, var å gå i banken for å låne 200.000 kroner for å betale formuesskatt.

Skatteutval ville redusere formuesskatten
NHO-sjefen viser til skatteutvalet leia av økonomiprofessor Ragnar Torvik, som tok for seg heile skattesystemet.

Dei tok til orde for å redusere formuesskatten og delvis erstatte den med skatt på arv. Dei meinte mellom anna at botnfrådraget burde aukast og at satsane bør bli lågare.

Forslaget frå utvalet blei putta i skuffen av regjeringa, men Almlid håpar det blir teke fram igjen før neste stortingsval.

– Vi bør absolutt ha ein diskusjon om heilskapen i skattepolitikken, seier han.

Meiner det er mogleg å senke skattetrykket
Svaret frå næringsministeren i diskusjonen kring formuesskatten har vore at regjeringa er ope for å høye alternative forslag til korleis ein kan ta inn tilsvarande skatteinntekter.

Almlid peiker på at det også er mogleg å senke skattetrykket totalt, og at det ikkje nødvendigvis må vere slik at ein skal kompensere eventuelle kutt i eigarskattar med andre skatteinntekter.

– Vi meiner formuesskatten burde vore fjerna, og i det minste burde ein fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Men vi har det politiske fleirtalet vi har, så vi må forhalde oss til det, seier han.

Publisert: 22.08.2023 08:19

Sist oppdatert: 22.08.2023 08:57

Mer om