Kongsberg Maritime har dei siste åra jobba med korleis dei skal ta vare på kring 4,5 kilometer med arkiv ved avdelinga i Ulsteinvik.
Løysinga blei å rekruttere nye tilsette via Nav som kunne ta jobben med å digitalisere tusenvis av dokument for ettertida.
Utgangspunktet var dei antok at fleire unge i lokalsamfunnet som stod utan arbeid, kunne ha datakunnskapar som gjorde dei eigna til jobben.
– Nokre har hatt utfordring med å kome inn i arbeidslivet, medan andre har noko arbeidserfaring. Eit par har også bakgrunn som «gamerar», fortel Åsmund Stafseth som har vore mentor for dei nye tilsette.
Fekk pris for rekrutteringsarbeid
Kongsberg Maritime-avdelinga i Ulsteinvik sitt arbeid med å tenke alternativt i rekrutteringa, gjorde at dei nyleg fekk prisen for «Årets ungdomssatsar» då Fabelaktig Fredag blei arrangert på Sunnmøre første gong.
– Dei første starta vinteren 2023, og no er dei totalt seks personar. Nokre er i full jobb, medan andre jobbar mindre, fortel Stafseth.
Sjølv om dei som er tilsette i prosjektet skil seg frå andre nye i Kongsberg Maritime når det gjeld erfaring og utdanning, har dei dei sama godane som alle andre tilsette.
– Andre tilsette får også mykje hjelp og støtte i starten, så det er naturleg at dei også får det, legg Stafseth til.
Digitaliserer dokument tilbake til 1950-talet
Då Nett No er på besøk er det trioen Vebjørn Elvanes, Maria Åmås og Lisa Vattøy som er på jobb ved «arkivavdelinga».
– Eg trivst veldig godt. Arbeidsmiljøet er bra og vi har det kjekt, fortel Vattøy.
Ulstein-kvinna har ikkje utdanning utover vidaregåande, og har vore lite i jobb. Difor sett ho stor pris på erfaringa ho får med seg i arbeidet.
Dei fortel at jobben krev at dei er nøyaktige og forsiktige med dokumenta som blir skanna og digitalisert.
Etter å ha jobba seg gjennom permar som har fylt fleire kilometer med hylleplass, er leveransar heilt tilbake til 1950-talet gjennomgått og teke vare på.

– Ein kjenner seg nyttig
Kollega Vebjørn Elvanes kjem frå nabokommunen Hareid. Han har utdanning både i økonomi og administrasjon og engelsk. Likevel har det vore vanskeleg å kome i fast arbeid.
Han legg ikkje skjul på at det betyr mykje å vere i aktivitet.
– Ein kjenner seg nyttig ved at ein har noko å gjere på. Også kjem ein seg opp om morgonen, i staden for å stå opp klokka et om ettermiddagen, seier han.
Sjølv om jobben ikkje krev avansert it-kunnskap, kjem det godt med å ha litt erfaring frå dataarbeid.
– Mykje av arbeidet er automatisert også blir det godt forklart. Men vi må unngå å slette ting som ikkje skal bli sletta, og at ein tek vare på det vi skal, seier Elvanes.
Vil gjerne ha lengre horisont
På nabopulten sitt Maria Åmås frå Ørsta. Ho hadde lyst til å prøve noko anna etter å ha jobba på servicebåt.
– Eg synest det er ein veldig triveleg jobb, fortel ho.
På same måte som med dei andre, kunne Åmås gjerne tenkt seg å halde fram i i jobben. Ordninga med Nav gjer at dei har tidsavgrensa arbeidskontraktar.
Tidleg neste år er digitaliseringsprosjektet ferdig, og då er framtida igjen usikker for trioen. Kongsberg Maritime ville helst sett at ordninga kan gjerast meir varig.
– Vi skulle gjerne hatt lengre horisont, både for dei tilsette og for bedrifta, fortel Geir Sundal som er serviceansvarleg ved avdelinga i Ulsteinvik.
Nær 6000 utanfor arbeidslivet i fylket
Eit bakteppe for prosjektet til Kongsberg Maritime er at fleire unge i dag står utanfor arbeidslivet. Samtidig har NHO og LO gått saman prosjektet Arbeidskraftløftet, som har som mål å få fleire i jobb.
Berre i Møre og Romsdal var det nær 6000 personar mellom 20 og 29 år i utanforskap ved utgangen av 2023.
Søre-kommunane Hareid, Sande og Vanylven ligg på botnen når det gjeld kor mange unge som har falle utanfor – med mellom 25 og 29 prosent av dei unge utan arbeid og utdanning, viser tal frå Nav.
Publisert: 30.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 30.11.2024 13:11