Dobla pris på småkraftverk
Investorar jaktar framleis på småkraftverk.
Då Tryggestad Kraft ved Hellesylt vart seld til Finsk Kraft i 2020 var småkraftverk verdsette til 4-5 kroner per kilowatt-time. Det prisa selskapet til 90-110 millionar kroner.
Vinteren 2021/2022 var prisen passert fem kroner per kilowatt-time, og tidleg på hausten i fjor var den oppe i rundt 6,5 kroner.
Trond Ryslett, som administrerer fleire lokalt eigde kraftverk i Austefjorden, seier tilboda frå potensielle kjøparar no ligg rundt 8,50 kroner per kilowatt-time. Det er omlag ei dobling på knappe tre år.
For eigarane av Kandal Kraftverk ved Breimsvatnet, som inngjekk ein avtale med Finsk Kraft i august i fjor betydde 6,50 kroner per kilowatt-time ein gevinst på over 100 millionar kroner, skreiv NETT NO i fjor. Kandal Kraftverk har ein kapasitet på 21 GWh.
Dyrare lenger sør
I Sør-Noreg, sør for Sognefjorden og på Austlandet, er boda på småkraftverk opp mot 10 kroner per kilowatt-time. Det seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i bransjeforeininga Småkraftforeningen.
Onsdag denne veka skal han halde eit innlegg om status for småkraftbransjen på kraftbransjens årlege konferanse «Kraft i Vest» i Gloppen.
Les heile programmet her (ekstern lenke)
Det er betre kraftprisar i sør over ei periode, som er årsaka til at kjøparane vil betale meir for småkraftverk lenger sør enn på Nordvestlandet, ifølgje Tveit. Dei gode prisane har samstundes dempa interessa for å selje i dette området, seier han.
Renta bit
Meklar Finn Lundstedt i Krafthuset har spesialisert seg på kjøp og sal av småkraftverk.
Han meiner renteauken endrar vilkåra for investeringar i småkraftverk.
Når renta var nær null var avkastningskrava lågare enn no, når renta er høgare. Førebels har høgare rente ikkje slått inn i prisinga av småkraftverk, men Lundstedt regnar med at renta kjem til å gi ein effekt.
Får fallrettane tilbake
Sal av kraftverk er eigentleg svært langsiktige leigeavtalar.
Den vanlege modellen for slike transaksjonar er at fallrettane blir leigd ut for ein lang periode, ofte 40-60 år.
Seljarane får betaling med ein gang, og i tillegg ei leige på 10-20 prosent av driftsinntektene kvart år i avtaleperioden. Når avtaleperioden er omme fell fallrettane tilbake til eigarane.
Publisert: 19.09.2023 08:58
Sist oppdatert: 19.09.2023 10:39