-Eg forstår ikkje kutta
Birgit Oline Kjerstad meiner regjeringa burde satse på Runde Miljøsenter i staden for å kutte støtte.
I fjor sto stortingsrepreresentant Birgit Oline Kjerstad (SV) så hardt på for å berge vidare statsstøtte til Runde Miljøsenter, at senteret etterpå framheva hennar innsats som spesielt viktig for at senteret likevel fekk tre millionar kroner i støtte i statsbudsjettet for 2023.
No er ho skuffa over at regjeringa for andre gang foreslår å kutte støtta til Runde Miljøsenter. Også Miljøpartiet De Grønne har engasjert seg for at Runde Miljøsenter skal få støtte neste år.
- Eg forstår ikkje kutta. Det burde etter mi meining heller vere ei satsing på Runde som forskingsstasjon og nasjonalt senter for kystøkologi. Det ville vere heilt i tråd med denne regjeringa sine ambisjonar for kompetansearbeidsplassar i distrikta. Det er uforståeleg at staten kuttar i det som fungerer godt, seier Kjerstad i eit tekstmelding til NETT NO.
NETT NO har bedt Kjerstad og MDG om døme på forskingsprosjekt Runde Miljøsenter har gjennomført eller har gåande som dei meiner er viktig, og som også andre ikkje kan eller vil gjennomføre. Dette er svara:
Birgit Oline Kjerstad:
"Miljøsenteret har ei sentral rolle med å gjennomføre og fasilitere viktig forsking på kystøkologi ved Noregs sørlegaste fuglefjell og tett på eit av dei mest produktive og sårbare havområda langs norskekysten. Sjøfuglbestandane har vore i fritt fall i fleire tiår, det er ei underkommunisert miljøkrise. Det gjer at det er ein stor fordel at forskinga bør gjennomførast der dette skjer, gjennoim lange seriar. Senteret har nettopp levert ein svært vikti grapport om havvind og sameksistens med fiskeria, no i september. Denne syner at desentraliserte forsking og Runde Miljøsenter leverer på høgt nivå."
Jonas Nilsen, gruppeleiar Møre og Romsdal MDG:
"Et slikt eksempel er rapporten «kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring» som ble publisert 13.09.23, der Runde er ansvarlige for en av arbeidspakkene: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2023-40
Et annet eksempel er arbeidet med nedgangen i antall fugler i fuglefjellet på Runde. 400.000 fugl er blitt borte på 40 år, men det er ingen som kan forklare årsaken til dette. Dette er dramatisk. Miljøsenteret arbeider med å kartlegge nedgangen. og sammenhengen mellom nedgangen og næringskjeden i havet. I tillegg jobber de med å formidle kunnskap om disse sammenhengene i naturen, med formål å styrke innsikt, respekt, engasjement og omsorg for naturen. Dette er arbeid som de på grunn av nærheten til fuglefjellet og kompetansen er i en unik posisjon til å gjøre."
På statsbudsjettet sidan 2015
- Vi har ikkje sjanse til å finansiere ny forsking, sa dagleg leiar Ottar Håkonsholm til NETT NO tidlegare denne veka om kva som blir konsekvensen av at Runde Miljøsenter ikkje får statsstøtte.
I 2022 fekk selskapet - som driv det marine og maritime forsking- og formidlingssenteret på Runde - 5,5 millionar kroner i statsstøtte.
I budsjettframlegget for 2023 var det ikkje sett av noko til støtte i 2023, men budsjetthandsamling enda med at selskapet fekk tre millionar kroner.
Senteret har vore inn med eige tilskot frå staten sidan 2015.
Fylket og private
Runde Miljøsenter er eit aksjeselskap med fire aksjonærar, som eig 20 prosent kvar.
Eigarane er Møre og Romsdal fylkeskommune, Nils Gunnar Hareide, Lars Gunder Golmen og Greta Garnes. I tillegg eig selskapet 20 prosent av aksjane i seg sjølv.
Selskapet eig 93,5 prosent i Runde Forsking, som er datterselskapet der forskingsaktiviteten foregår. Dei øvrige medeigarane i Runde Forsking er kommunane Herøy, Ulstein, Vanylven, Sande, Hareid, Ørsta og Volda.
Det heileigde datterselskapet Opplev Runde driv besøksenteret på Runde.
Publisert: 12.10.2023 09:00
Sist oppdatert: 12.10.2023 08:44