Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
HAR BESTEMT SEG: I januar sa Eqvasjef Erik Høyvik at flytting av hovudkontoret ikkje var eit tema. Ein knapt år etter har eigarane bestemt seg for at hovudkontoret skal ligge nær der verksemdene i Eqva held til. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Eqva-hovudkontoret flyttar frå Herøy

Ekstraordinær generalforsamling skal avgjere flyttinga før jul.

06.12.2023

Etter salet av Havyard Leirvik ved Sognefjorden har børsnoterte Eqva - tidlegare Havyard Group - all si verksemd i Bergensområdet og Sunnhordland. Berre hovudkontoret med Eqva-sjef Erik Høyvik held til i Herøy, men no bli også det flytta sørover.

Styreleiar Even Matre Ellingsen seier flyttinga står på saklista på ei ekstraordinær generalforsamling, og at Kvinnherad blir adressa for hovudkontoret.

I tillegg til han sjølv var det tre tilsette på Eqva-hovudkontoret sa Høyvik då han presenterte Eqva på eit møte i Fosnavåg Shippingklubb i januar i år.

Eqva er eit resultat av fleire prosessar:

  • Refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire datterselskap blei skilt ut og børsnoterte som Hav Group.
  • Etter den operasjonen omfatta aktiviteten i Havyard Group berre skipsverftet i Leirvik i Sogn, der drifta vart langt om frå nybygg til reparasjon og vedlikehald og arbeidsstokken kutta frå omlag 170 til 70. Skipsverftet er seld til tyrkiske Tersan Shipyard.
  • I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane.
  • Tidlegare storaksjonær Havila Holding eig no 13,89 prosent. I tillegg eig søskena og Havila Holding-aksjonærane Njål, Hege og Vegard Sævik tilsaman 5,37 prosent i Eqva gjennom sine private selskap.
  • Havyard Group vedtok namneskifte til Eqva i fjor.

Nytt oppkjøp
I dag varsla Eqva at selskapet har inngått ein intensjonsavtale om å slå saman Eqva sitt datterselskap BKS med selskap o LOS-gruppa. BKS har hovedkontor på Sunde i Kvinnherad kommune og LOS har hovedkontor på Svortland i Bømlo kommune.

Les børsmelding her

"Avtalen omfatter LOS Gruppens heleide datterselskaper LOS Elektro AS og LOS Eiendom Bergen AS, samt LOS Cable Solutions AS (51 %) og Zinus AS (53,3 %). Avtalen forventes fullført innen utgangen av første kvartal 2024. Avtalen er blant annet betinget av tilfredsstillende selskapsgjennomgang, styregodkjenning og finansiering", heiter det i børsmeldinga.

LOS-gruppa ventar omlag 700 millionar kroner i driftsinntekt i år.

Planen er at eigarane i LOS-gruppa skal få betalt i dels i aksjar i Eqva sitt datterselskap og dels i kontantar. Verdsettinga av LOS-selskapa er ikkje opplyst.

Eqva vil etablere eit nytt datterselskap som skal eige BKS/LOS og børsnoter det nye selskapet innan 12 til 18 månadar. Før børsnotering er det venta at Eqva vil eige 61 prosent i det nye selskapet og dagens aksjonærar i LOS 39 prosent.

Publisert: 06.12.2023 11:08

Sist oppdatert: 06.12.2023 11:12

Mer om