Rekordår for hotell
Drifta som gir jobb til seks heilårstilsette har aldri vore meir lønnsam.
Selskapet som driv tradisjonsrike Hotel Aak i Romsdalen sette nye rekordar både på inntektssida og på resulatat i fjor.
Omsetninga bikka for første gong 11 millionar kroner i 2021, viser fjorårsrekneskapen til selskapet. Det er ein solid opptur, etter at inntektene stoppa før dei nådde åtte millionar i 2020 (sjå tabell under).
Eit resultat før skatt på 840.000 kroner, er også det største overskotet til selskapet som blei starta i 2013.
Seks heilårstilsette
Det har vore hotelldrift i det tidlegare skulebygget sidan 1856. Aak blir rekna som eitt av dei første turisthotella på landet.
I 2022 er vertskapsfamilien blitt til fem og dei tilsette enno fleire. Seks heilårstilsette jobbar i år på hotellet, i tillegg til ein rekke sesongarbeidarar, ifølgje heimesida deira.
Fleire eigarar
Andreas Landmarks Eft As, som Frank og Tor Amundsen, Nils Heggem og Fred Steinar Husøy står bak, er største eigar i hotellselskapet med 35 prosent av aksjane.
Vertskapet Kristine og Odd Erik Rønning eig 32,5 prosent kvar av aksjane i selskapet som sysselsette åtte årsverk i fjor.
Hotel Aak | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 11 | 7,9 |
Driftsresultat | 0,9 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,8 | 0,3 |
Publisert: 22.08.2022 12:15
Sist oppdatert: 22.08.2022 17:07