Lars Conradi Andersen Jogeir Romestrand foto Marius
REKORDKONTRAKT: Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen og Entec Group-sjef Jogeir Romestrand. I bakgrunnen er eit system for utsetting av undervassfarkostar som er del av leveransen til Herøy-reiarlaget. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Evotec sikra rekordkontrakt på Rem-skip

Gir arbeid i fleire år framover for Ulstein-selskapet.

Marius Rosbach
18.12.2024

For nokre veker sidan blei det klart at Rem Offshore skal bygge det mest verdifulle skipet Myklebust Verft har fått i ordreboka nokon gong. 

Oppdraget vil også gi betydeleg med arbeid for lokale leverandørar. Onsdag fortalde Evotec korleis kontrakten «drypp» også på dei. 

Utstyrsleverandøren skal levere store modular som nyttast i subseaoperasjonar til å plassere store installasjonar på havbotnen. Leveransen inneheld også tre store ROV-handteringssystem som skal om bord på  «Rem Ocean».

Største Evotec-kontrakten nokon gong
Evotec har i to år samarbeida med Deepocean om korleis ein betre kan handtere modular for slike operasjonar.

Resultatet er blitt den største kontrakten til selskapet nokon gong. Selskapet sikra seg også levering av tilsvarande utstyr på det førre skipet Rem Offshore bestilte frå Myklebust Verft.

I pressemeldinga blir det opplyst at denne og førre kontrakt med Rem Offshore er på til saman 250 millionar kroner. 

Jogeir Romestrand som er konsernsjef i Entec Group og dagleg leiar for Evotec, anslår til Nett No at kring 75 prosent - meir enn 180 millionar - gjeld den siste kontrakten. Utstyret skal leverast i 2026 og skipet skal vere ferdig året etter. 

«All time high» ordrebok
For kort tid sidan blei det klart at Romestrand er ny konsernsjef i Entec Group, fordi Haavard Haanes skal bli med Brimer over til ny eigar. 

Under pressekonferansen onsdag fortalde han at selskapet no har ei ordrebok som er «all time high». Med leveransen til Rem Offshore-skipet har dei arbeid i fleire år framover. 

– Det betyr mykje for omsetninga dei neste to åra og gir oss eit godt grunnlag for vidare vekst, sa Romestrand.

– Med dette har vi ei ordrereserve på 500-600 millionar kroner, så vi held fram å vekse, la han til - og avslørte at selskapet bikkar ei omsetning på 400 millionar i år. 

Evotec Deep Ocean Rem Offshore 2
SIGNERING: Frå venstre: Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren, Entec Group-sjef Jogeir Romestrand, Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen og teknisk sjef i Deepocean, Arvid Horn. Foto: Evtoec

Trur på ny marknad
Evotec meiner offshore representerer ein potensielt stor marknad for deira vinsjar og utstyr. 

Romestrand seier den siste kontrakten er resultatet av eit klassisk klyngesamarbeid der utstyrsleverandøren kombinerer sin kompetanse med krav og forventningar frå kunde og sluttbrukar. 

Medan mykje av utstyret i marknaden er hydraulisk, leverer Evotec heilelektriske løysingar. Ein viktig eigenskap med leveransen på Rem Offshore-skipet er at det gir lågare klimautslepp. 

Selskapet sikra seg i haust leveransar på to andre skip i same marknad.

Rem Ocean myklebust illustrasjon skipsteknisk
REKORDSKIP: Det 117 meter lange skipet Rem Offshore skal bygge ved Myklebust-verftet utgjør den største kontrakta til verftet nokon gong. Skipsteknisk i Ålesund har designa skipet. Illustrasjon: Skipsteknisk

Sikra jobb for Equinor i åtte år
Det nye Rem Offshore-skipet er omtala som «neste generasjons subseaskip», og kan mellom anna utføre undervassoperasjonar for offshorebransjen. 

Fartøyet er sikra arbeid for Equinor i heile åtte år, som er det mest verdifulle Rem Offshore-reiarlaget ha sikra seg. Oppdraget gjerast i samarbeid med subseaselskapet Deepocean. 

For reiarlag, verft og samarbeidspartnarar er det snakk om nærare 250 hundre nye arbeidsplassar som blir skapt frå byggeoppdraget og dei påfølgjande arbeidet. 

Etter det Nett No erfarer har nybygget ein prislapp på drygt 1,5 milliardar kroner. 

Publisert: 18.12.2024 10:17

Sist oppdatert: 18.12.2024 16:11

Mer om