Farstad om havvindsatsing: - Som å bli født på ny
Ålesund-reiarlag får permitterte sjøfolk ut i jobb – trur på fleire skip.
Sverre A. Farstad var mellom dei som deltok på skipsdåpen for Norwind
sitt nye skip på Vard Brattvåg måndag. Den ombygde PSV-en skal rett ut i oppdrag.
Veteranen i den maritime klynga fortel at han er glad for at dei tre ålesund-familiane har funne saman om satsing på havvind i eit felles reiarlag.
- Det er som å bli født på ny, svarar Farstad på spørsmål om korleis det er å vere i gong att.
Han legg på ein latter, men det er ingen tvil om at det betyr mykje å få eitt nytt skip på vatnet og sjøfolka tilbake i jobb. I underkant av 20 sjøfolk på skift vil vere i jobb framover.
Farstad legg heller ikkje skjul på at dei på sikt vil ha fleire enn dei fem skipa dei no har i bestilling frå Vard.
(saka held fram under)
Dansk fond vil eige kring halvparten
Norwind-reiarlaget består i tillegg til Farstad-familien, av Eivind
Volstad og sonen Espen, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping. I
tillegg er Kleven-familien med gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven
- begge barna til Bunker Oil-eigar, Jan Magnus Kleven.
Med på eigarsida har også dei også fått med det danske investeringsfondet Navigare Capital Partners. På sikt skal dei auke eigardelen til kring halvparten avhengig av kor raskt reiarlaget veks framover.
- Dei kjente litt til den maritime klynga på Nordvestlandet frå før, og hadde vore i dialog med fleire før dei valte oss, fortel «Andy» Farstad til NETT NO.
Norwind-reiarlaget er bygd på staben til det tidlegare offshorereiarlaget frå Ålesund. Mange av sjøfolka er også dei same, medan nokre er nyrekrutterte.
- Storparten er frå mannskap vi har hatt tidlegare og som har vore permitterte i vinter. I tillegg har vi rekruttert nokre som har spesialkompetanse for slike oppdrag, fortel administrerande direktør Svein Leon Aure til NETT NO.
Han er nøgd med at Vard har levert skipet på tid, trass i ulike utfordringar som følgje av koronapandemi og krigen i Ukraina.
Vidare skal dei ha fire nybygg frå Vard sine verft. Eitt skal leverast frå Brattvåg i mai neste år og eitt i mars 2024, før dei to siste skal bli utrusta frå Vung Tau-verftet i Vietnam og levert i 2025.
(saka held fram under)
- Må skunde oss litt
Planane til den norske regjeringa på havvind, og omfanget av utbygging som skal gjerast, er bra, meiner Norwind-sjefen.
Men Aure skulle gjerne sett at tempoet var større.
- Vi skulle gjerne sett at det hadde kome i gong raskare. Både vi og industrien elles i Norge har kapasitet til å vere med på dette, men vi må skunde oss litt, legg han til.
Publisert: 30.05.2022 16:01
Sist oppdatert: 01.01.2023 14:01