Vestlandsindeksen montasje ragnhild janbu fresvik graf 11
KRAFTIG OPPGANG: Den nyaste Vestlandsindeksen viser at næringslivet nær har henta inn det tapte etter koronapandemien, fortel konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. Etter nedgangen i fjor vår, viser grafene korleis resultat og forventningsindeksen har stege kraftig dei siste kvartala. Foto: Sparebanken Vest/Skjermdump Vestlandsindeksen
Nytt

Fire av ti har kapasitetsproblem

Vestlandsindeksen viser oppgang i alle næringar, men mange må be banksjef Ragnhild Janbu Fresvik om hjelp til å auke varelageret.

Marius Rosbach
27.09.2021

Måndag blir den ferske Vestlandsindeksen for 3.kvartal publisert. Temperaturmålaren for næringslivet langs kysten frå Møre og Romsdal til Rogaland, viser at forventningane frå førre kvartal slo til. Optimismen held seg framleis høg.

– Det går rett veg i absolutt alle næringar, fortel konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest til NETT NO.

Har henta inn koronaduppen
Resultatindeksen steig i 3. kvartal, frå 58,4 til 63 poeng. Samtidig held forventningsindeksen fram med å stige frå 55 til 65,6 poeng siste kvartal.

– Førre kvartal såg vi at forventningane til bedriftene steig med rekordfart. Det var ei større auke enn vi har sett i heile Vestlandsindeksens historie, påpeiker konsernbanksjefen.

Meir om Vestlandsindeksen

Vestlandsindeksen er ein temperaturmålar for næringslivet langs kysten frå Møre og Romsdal til Rogaland.

Indeksen består av to hovudtal:

Resultatindeks –viser korleis den økonomiske situasjonen har vært det siste kvartalet.

Forventningsindeks – viser korleis dei ventar utviklinga blir dei neste seks månadene.

Undersøkinga er gjort blant over 700 bedrifter på Vestlandet i tredje kvartal 2021. Bedriftene er tilfeldig valt ut med to eller fleire tilsette, fordelt på 200 bedrifter i Rogaland, 200 i Vestland Sør (tidlegare. Hordaland), 200 i Møre og Romsdal, og 100 i Vestland Nord (tidlegare Sogn og Fjordane).

Alle regionane på Vestlandet er nær nivået frå mars 2020, då koronapandemien sende indeksen nedover. For første gong sidan starten av pandemien, er no indeksen over det historiske snittet på 60.6 poeng.

Ventar vidare vekst
Etterspurnaden frå forbrukarane og mellom bedrifter, drev nedgangen då pandemien slo til – og ligg no bak oppgangen.

– Det er drivaren som gjer at vi venter at oppgangen held fram dei neste kvartala. Så lenge etterspurnaden held seg oppe, ventar vi at bedriftene si resultatutvikling gjer det same, fortel Fresvik.

Med gjenopning av samfunnet og auka global handel vil også eksporten auke, legg ho til.

(saka held fram under)

Vestlandsindeksen resultatindeks sunnmøre nordfjord 11
ETTERSPURNADEN AUKER MEST: Nyaste resultatindeksen viser at Sunnmøre og Nordfjord ligg hakket betre an enn resten av Vestlandet. På Nordvestlandet er det spesielt etterspurnaden som trekk opp, medan investeringar, sysselsetting og lønnsemd, har ei flatare utvikling. Skjerdump: Vestlandsindeksen

Ber om hjelp til større varelager
Men alt går ikkje på skinner. 38 prosent av bedriftene svarer at dei allereie opplever utfordringar med å få tak på råvarer og andre produkt. Årsaka er vanskar med leveransar, eller problem med logistikken.

– Dei manglar rett og slett tilgang på komponentar og deler, og mange trur det vil vare opptil eitt år. Det betyr at produksjonsbedrifter må holde høgare varelager for å klare og levere det kundane etterspør, forklarar Fresvik.

Dette er kapitalkrevjande, og banksjefen påpeiker at dei har eitt medansvar for at bedriftene lukkast.

– Det er noko vi no diskuterer med veldig mange selskap frå mange ulike bransjar, fortel Fresvik.

Kapasitetsproblema treff både små og store bedrifter, men er mest tydeleg i varehandel, bilverkstader og anna tenesteyting – der fleire enn halvparten svarer at dei opplever utfordringar, ifølgje Vestlandsindeksen.

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Meir vanskeleg å få folk
I takt med at arbeidsløysa går ned, er rekruttering ei aukande utfordring i mange bransjar når bedriftene skal ta unna veksten, stadfestar banksjef Fresvik.

Fredag kom nyheita om at norske bedrifter ventar den største bemanningsuka på 18 år framover. NETT NO fortalde laurdag om Scandic Parken-hotellet i Ålesund - der hotelldirektøren gleda seg over gjenopninga – men slit med å få tak på nye folk innan dei fleste faga på huset.

– Mange av de som har vore ute i permitteringar, har søkt seg nye jobbar. Vi ser fleire frå alle moglege bransjar, som for eksempel har gått inn i helsevesenet til det dei opplever som tryggare jobbar, fortel ho.

Avhengigheit av utanlandsk arbeidskraft
Banksjefen fortel at mange spesielt små og mellomstore bedrifter samtidig har klart å halde på de tilsette.

– Det er utroleg mykje verdt no, påpeker hun.

Pandemien har også synleggjort avhengigheita av utanlandsk arbeidskraft for en del bedrifter.

– Noko av lærdommen frå pandemien er at næringslivet langs kysten er sårbart i forhold til dette, legg ho til.

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Nokre hovudfunn i Vestlandsindeksen:

Blant næringane er det overnattings- og serveringsnæringen som har hatt sterkast utvikling i resultatindeksen de siste tre månadene.

Denne næringen betrar seg vel å merke frå eit svært svakt nivå, og melder framleis at omsetninga er 13 prosent under det dei venta før koronapandemien.

Saman med shipping, transport og lagring er dette blant bransjane som framleis er mest negativt påverka av krisa.

Bygge- og anleggsnæringa er den einaste sektoren som har hatt ein negativ utvikling i resultatindeksen siste kvartal, Denne bransjen samtidig den største veksten førre kvartal.

Publisert: 27.09.2021 00:01

Sist oppdatert: 27.09.2021 15:08

Mer om