Jonas Gahr Støre Klyngekonferansen 2021 foto Ogne
BLIR DET ENDRING?: Jonas Gahr Støre (Ap) sende videohelsing til klyngekonferansen. Kva nærings- og miljøpolitikk han og ei ny regjering vil føre, kan bety mykje for korleis den maritime klynga på Nordvestlandet utviklar seg dei komande åra. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny jobb-vekst i maritim klynge

Nesten 1300 jobbar i den maritime klynga på Nordvestlandet forsvann frå 2019 til 2020. I år stig sysselsettinga igjen.

26.09.2021
ANALYSE

Det er mange positive teikn i den årlege analysen over tilstanden til den maritime klynga på Nordvestlandet. Den blei presentert av Menon Economics på klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime sin årskonferanse torsdag 23. september.

Etter ein nedgang på ni prosent i sysselsettinga - nesten 1300 stillingar - frå 2019 til 2020, snudde det i år. Innan året er omme vil sysselsettinga ha auka med omlag 250 stillingar, til i overkant av 13.300 jobbar.

Det er godt under toppen i 2014 - då omlag 18.000 arbeidde i bedriftene som er omfatta av Menon Economics si kartlegging; reiarlag, verft, utstyrsprodusentar, skipsdesignarar og andre tenesteytande selskap.

Spørsmålet er om dagens sysselsetting i den maritime klynga likevel må seiast å vere god, og at det er åra fram til 2014 som må reknast som unntaksåra - med ein ekstraordinær boom, driven fram av ein høg oljepris.

Det er utstyrsprodusentane som skil seg positivt ut i årets klyngeanalyse. Dei hadde vekst i fjor, får vekst i år og også neste år, ifølgje Menon Economics si prognose. Lønsemda auka også.

Dette er bedriftene som lagar motorar, propellar, vinsjar og alt anna utstyr og anlegg som må til for at fartøya kan segle og utføre arbeidet sitt. Det at dei skil seg frå resten illustrerer og eit anna poeng som har blitt tydelegare dei siste åra: Bedriftene i klynga handlar mindre med kvarandre enn før.

For utstyrsprodusentane betyr det at dei har vunne terreng andre stadar enn hos bedrifter på Nordvestlandet.

Det er ein trend som gjeld heile klynga. Klynga er blitt mindre, målt i inntekter og tilsette, men det er ei klynge som står på fleire bein enn då den var på sitt største.

Eksportandelen for bedriftene i klynga gjekk opp frå 47 til 64 prosent frå 2018 til 2020, mellom anna på grunn av bygging av cruise-fartøy.

Samstundes har andelen av inntektene som kjem frå sal til andre bedrifter i klynga gått ned frå 18 prosent i 2018 til 10 prosent i 2020.

Endringa heng saman med utviklinga i oljebransjen, der offshorereiarlaga slutta å bestille nye skip etter oljeprisfallet i 2014.

I 2016 kom 41 prosent av inntektene til bedriftene i klynga frå kundar i olje- og gassmarknaden. I 2019 var andelen 24 prosent og i 2020 berre 19 prosent.

Den verdsomspennande koronaepidemien som kom i fjor var eit sjokk også for bedriftene i den maritime klynga.

Optimisme snudde til uvisse og pessimisme. Berre 29 prosent av bedriftene i klynga svarte at dei venta auka lønsemd i 2020 og heile 54 prosent venta redusert lønsemd.

Årets klyngeanalyse viser og at 2020 blei betre enn bedriftene frykta for eitt år sidan, og optimismen er tilbake. I samband med årets klyngeanalyse svarar 48 prosent at dei ventar auka lønsemd i år, og berre 21 prosent at lønsemda blir svekka.

Dei som ventar reduksjon i lønsemda fortel om kostnadar i form av tapt effektivitet på grunn av koronaepidemien, prisfall på produkta sine og tilbakegang i marknaden dei er i.

Dei bedriftene som ventar auka lønsemd fortel om vekst i marknaden, meir effektiv drift og auka prisar. Og dei er altså meir enn dobbelt så mange som dei som fryktar dårlegare lønsemd.

Trass i positive teikn underslår årets klyngeanalyse ikkje at deler av klynga har store utfordringar.

Den aller største utfordringa er situasjonen for skipsverfta, som samla sett hatt underskot før av- og nedskrivingar (ebitda) kvart år sidan 2017. Tapa har tæra på soliditeten i ein slik grad at verfta - samla sett - har vanskar med å ta på seg store og kapitalkrevjande oppdrag.

Førebels er ordreboka for verfta relativt god, men ordreinngangen i år er så mager at ordreboka krympar raskt framover om ikkje nye kontraktar snart kjem inn.

Menon Economics spår i årets klyngeanalyse ein markert vekst i bygginga av skip med lågare utslepp av CO2 framover.

Slår spådommen til betyr det meir skipsbygging, men dei oppdraga kjem ikkje automatisk til norske verft.

Styresmaktene kan ha ei avgjerande rolle, både når det gjeld å bidra til risikoavlasting - slik at verfta kan ta på seg større oppdrag - og reglar og støtte som fører til bygging av skip med mindre utslepp.

Påtroppande statsminister, Jonas Gahr Støre (Ap) sende ei videohelsing til deltakarane på klyngekonferansen og næringspolitisk talsmann Terje Aasland frå Ap deltok direkte via videolink, med klare signal om at det skulle bli ein meir aktiv stat med ny regjering.

Spesielt for verfta kan arbeidet inn mot det politiske miljøet bli det viktigaste for utviklinga, i alle fall på kort sikt.

Publisert: 26.09.2021 06:00

Sist oppdatert: 26.09.2021 19:00