Vard langsten hanseatic nature 11
MANGLAR FAGARBEIDARAR: Fellesforbundets Jørn Eggum leiar det største fagforbundet i privat sektor og peiker på at verfta må ta sin del av skulda for at det manglar norsk fagarbeidarar. Han meiner likevel det er all grunn til at staten skal stille opp for den maritime industrien. Foto Marius
Nytt

Ingen quick-fix for norske fagfolk

Verfta ropar etter fleire norske fagfolk, men må ta sin del av skulda for mangelen.

Marius Rosbach
12.09.2021

ANALYSE:

Dei siste åra har det kome bunkevis med rapportar som beskriver behovet for at fleire unge tek yrkesfag. Innan ti år står Norge i fare for å mangle nærare 100.000 fagarbeidarar.

Under pandemien har vi vorte minna om kor avhengige ein rekke bransjar er blitt av utanlandsk arbeidskraft. Den maritime industrien og reiselivsbedriftene, er begge viktige næringar for Nordvestlandet, som står i fare for å stoppe heilt opp om ikkje arbeidarane får krysse landegrensene.

Då arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen nyleg var på besøk ved Myklebust Verft, stod fleire norske fagfolk høgast på ønskelista til verftsdirektør Inge-Jonny Hide. Det er eit ønske Høgre-statsråden delar og har jobba for å få til.

Også ein av dei mektigaste fagforeiningsleiarane her til lands - Jørn Eggum - som leiar Fellesforbundet, delar sjølvsagt dette ønske.

Sympatien for verftsbransjen var likevel avmålt då NETT NO denne veka spurte han kva som kunne gjerast for at fleire tok same valet som Vard-lærlingane Johannes og André, som er i gong med fagutdanningar i skipsbyggingsbransjen.

– Verfta har over tid teke inn for få unge, og fleire har gjort det til ein forretningside med innleige, seier Fellesforbundet-leiaren.

Det er liten tvil om at norske verft har sine svin på skogen. Det er også bakgrunnen for at det blei innført allmenngjering i verftsindustrien. Slike ordningar blir helst innført i bransjar der det er påvist sosial dumping og dårlege arbeidsvilkår.

For å nå målet om fleire fagutdanna må den maritime bransjen kort og godt smøre seg med tolmodigheit, meiner Fellesforbundet sin leiar.

Eggum er samtidig full av beundring for ein del lokale verftseigarar for at dei har klart å halde liv i bedriftene gjennom dei siste tøffe åra.

– At dei har stått i dette, viser at dei har omsorg både for sine tilsette og lokalsamfunnet som dei opererer i.

Skrekkeksempelet som Per Vidar Kjølmoen (Ap) stadig har trekt fram i valkampen – med éin nordmann per 12. utanlandske arbeidar – høyrer til mellom fåtalet.

Ved Myklebust-verftet i Sande har dei til eksempel større del lærlingar, enn innleigde. Det fekk også Torbjørn Røe Isaksen høyre då han besøkte verftet.

Høgre-stasråden var oppgitt over haldninga om at det «finaste» er å velje studieførebuande.

– Det er noko tull, sa Røe Isaksen til NETT NO under verftsbesøket.

Dei to siste åra har Norge klart å snu trenden ved at fleire enn halvparten av dei unge veljar yrkesfag. Det resultatet er ei fjær i hatten for Erna Solberg si regjering.

Men veljarane verkar ikkje overtydd om at dei borgarlege partia sin politikk er rett medisin for landet framover. Om meiningsmålingane får rett, ligg det an til eit markert retningsskifte i næringspolitikken.

Som sentralstyremedlem i Arbeiderpartiet er det ikkje noko tvil om kva Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum, meiner er rett medisin for å oppnå målet om at fleire norske ungdomar veljar yrkesfag.

Ap har sagt dei vil ha ein meir aktiv stat i næringspolitikk. Det betyr i klartekst å bruke meir pengar. Ap-topp Per Vidar Kjølmoen har samtidig vore tydeleg på at han vil vere aktiv i næringspolitikken, og partiet har lansert ei eige satsing på 50 millionar på yrkesfag for Møre og Romsdal.

Om eit regjeringsskifte blir eit faktum, har den seriøse delen av den maritime industrien meir godt nytt i vente. Strengare reguleringar på innleige av arbeidskraft har vore ei uro i bransjen.

Fellesforbundet-leiaren vil ikkje sette ned foten for innleige. I staden føreslår han eit tidsavgrensa forbod for innleige for bransjar der det blir avdekka problem.

Om til eksempel Arbeidstilsynet avslører at det er fare for liv og helse, eller at det ikkje er skikkelege arbeidsvilkår, så bør det vere mogleg å legge ned forbod mot innleige ei periode, meiner fagforeiningstoppen.

Det bør også vere er godt nytt for den seriøse delen av skipsbyggingsbransjen.

Publisert: 12.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 12.09.2021 04:32

Mer om