Diplom for arbeid med berekraftig turisme
Heider til Stranda for reiselivsarbeidet. Hamnesjefen vil ha tolegrense for besøket.
I sommar blei det klart at Geirangerfjorden og Stranda får utmerkinga «Bærekraftig Reisemål», og onsdag var det klart for den offisielle tildelinga av diplomet.
Direktør for reiseliv i Innovasjon Norge, Aase Marthe Horrigmo, stod for utdelinga ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, som reisemålet no får for andre gong.
– Det er unikt at det ikkje berre Geiranger får denne resertifiseringa, men også heile Stranda kommune, fortalde ho då ho delte ut heideren til Stranda-ordførar Einar Arve Nordang.
Må også sikre økonomisk berekraft
– Kanskje er vi midt i ei stor endring for reiselivet, sa Horrigmo og peika på korleis klimaendringar og behovet for å ta omsyn til miljøet, no aukar krava til bransjen.
– Eit klart fleirtal mellom gjestane, ønsker seg også meir berekraftige reisemål, sa ho.
Samtidig påpeika Innovasjon Norge-direktøren at næringa må sikre økonomisk berekraft, slik at det blir utvikla fleire arbeidsplassar som gjer at folk har jobb heile året.
Hamnesjefen vil ha tolegrense
Hamnesjef Rita Barstad Maraak i Stranda nytta høvet til å ta til orde for å sette ei grense for kva nivå med besøkande kommunen toler.
For å kome fram til denne, vil Maraak at det blir sett i verk eit arbeid for å kartlegge situasjonen.
– Slik kan vi finne ut kor mange gjestar vi bør ha til ein kvar tid, både på sjøen og på vegane våre, seier hamnesjefen.
Ein tredel er cruiseturistar
Noko av bakgrunnen for at ho tek til orde for ei slik undersøking, er at ho opplever at ein del av diskusjonen kring reiseliv ikkje er basert på fakta.
– Om ein skal regulere trafikken, så må vi vite kor mange folk som beveger seg i området vårt, la ho til.
Cruiseturismen utgjer ein stor del av dei besøkande - men likevel berre ein tredel av alle personane som kjem til Geiranger i løpet av eit år, påpeiker hamnesjefen.
Samtidig er ho uroa for korleis utviklinga med cruiseanløp blir i åra framover. Auka utsleppskrav gjer at dei ser nedgang i bookingane.
Har blitt betre på berekraft
At eit reisemål er tildelt merket for berekraftig reiseliv, seier lite om kor berekraftig turismen den aktuelle plassen er, men at det blir jobba systematisk for ein meir berekraftig turisme.
Arbeidet må dokumenterast og kvart tredje år blir reisemåla målt for å sjekke om dei har framgang. Utdelinga onsdag stadfestar at heile Stranda kommune, har blitt betre på dette arbeidet i løpet av dei siste åra.
– Den store testen er eigentleg ikkje å få diplomet, men at ein klarar å halde på det. Og det har Geiranger og Stranda bevist, la Horringmo frå Innovasjon Norge til.
Skal redusere negativ påverknad
Rauma er mellom nokre få andre reisemål på Vestlandet, som har fått merket for berekraftig reiseliv frå Innovasjon Norge.
Gjennom arbeidet skal ein mellom anna jobbe for å redusere dei negative påverknadene frå reiselivet, og styrke dei positive og kulturelle verdiane.
Det blir også lagt vekt på at heile samfunnet blir involvert, og ikkje berre reiselivsbransjen.
Publisert: 06.12.2023 16:39
Sist oppdatert: 06.12.2023 21:55