Stig Remøy Fosnavåg Shippingklubb Foto Marius Rosbach 11
KRILLSATSING: Stig Remøy og Rimfrost sitt nye krillskip som skal heite Jan Mayen, er under bygging i Tyrkia. Tidlegare er det opplyst at fartøyet skal vere i fiske frå våren 2023. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Forseinka frå verftet i Tyrkia

Stig Remøy er overtydd om at fangst- og produksjonsmetoden til krilltrålaren som snart kjem til Norge, overgår alt anna.

Marius Rosbach
06.12.2022

Under den tradisjonsrike julemiddagen til Fosnavåg Shippingklubb måndag fekk gjestane høyre om Stig Remøy og Rimfrost sitt nye fartøy Jan Mayen.

Krilltrålaren er under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia og skal etterpå bli utrusta ved Westcon-verftet i Florø. Skroget som etter planen skulle vore på slep til Norge i september, ligg framleis til kai ved verftet.

- Snart, er det mest presise svaret reiaren sjølv gir til NETT NO på spørsmål om kva tid skroget vil forlate verftet.

Han fortel at det framleis blir gjort testar ved verftet, men at skroget i løpet av kort tid vil starte ferden mot Norge.

Krillskip Jan Mayen foto Marius Rosbach 11
SNART TIL NORGE: I løpet av kort tid skal skroget slepast til Westcon-verftet i Florø. No foregår testing ved verftet i Tyrkia. Foto: Marius Rosbach

Skal bruke mindre biomasse
Sett vekk frå nokre månader forseinking, ser det meste no lyst ut for krillsatsinga, fortalde Remøy. Om bord på den nye krilltrålaren skal krillen bli til helsekostprodukt og kosttilskott.

- Ingen andre har laga slike produkt, sa reiaren om metoden dei har utvikla gjennom årevis med forsking og utvikling.

Ein av fordelane ved Rimfrost sine krillprodukt er ein hydroloseprosess, som gjer at dei held på væsken i råvaren.

Det skal gjere kvaliteten betre - og ikkje minst kan dei bruke mindre biomasse i produksjonen. Samtidig skal det nye skipet vere mellom det mest miljøvenlege skipet i dette fiskeriet.

- Smakar som krabbe
Remøy viste til undersøkingar som konkluderte med at laks som var fôra på Rimfrost-krill hadde langt betre vekst enn ved konvensjonell fôring. Målet for Herøy-reiarlaget er krillolje som helsekostprodukt og kosttilskott til mennesker.

- Alt dette kan du spise og det er helsekost i alt, sa Remøy og viste korleis dei tek vare på ulike delar av krillen for ulike formål.

- Det smakar som krabbe, la han til om eigne smaksopplevingar av råvarene.

Ny fangstmetode

Rimfrost-reiarlaget har ikkje vore ute på fiske med eigen båt sidan 2016, og framleis sel dei av lageret dei har frå den gong.

- Vi har selt for over ein milliard, og vi skal framleis selje for nokre hundre millionar, sa Remøy.

Frå neste år skal det nye fartøyet vere i gong med nytt fiske i Antarktis.

Remøy fortalde korleis fangstmetoden på nye «Jan Mayen» skil seg frå tradisjonelt krillfiske der fangsten blir teke inn via luker på sida av skipet.

I staden skal Rimfrost-skipet ta inn fangsten via luker i akterskipet. Bommar akterut skal gjere at dei må bruke mindre energi i fisket.

Fosnavåg shippingklubb Foto Marius Rosbach 11
SJØSETTING: Stig Remøy viste mellom anna film frå sjøsettinga av skipet i Tyrkia. Remøy er er dagleg leiar og største aksjonær i Rimfrost-konsernet gjennom sitt investeringsselskap SRR Invest.

Prislapp på over éin milliard
Det 120 meter lange krillskipet er designa av Kongsberg Maritime. Skroget blei sjøsett november i fjor og blei testa utanfor verftet seinast i august.

Prislappen er på over éin milliard kroner og ulike utstyrsleverandørar får oppdrag for nærare ein halv milliard kroner. Mellom anna er fabrikken om bord levert frå MMC First Process.

Om bord blir det plass til ei besetning på kring 60 personar. Rimfrost har opsjon på eit fartøy til.

Stig Remøy og Thore Veddegjerde 002
TYRKIA: Reiar Stig Remøy og prosjektleiar Thore Veddegjerde i Rimfrost ved det tyrkiske verftet i samband med sjøsettinga i fjor. Foto: Rimfrost

Publisert: 06.12.2022 09:49

Sist oppdatert: 06.12.2022 09:49

Mer om