Fylkesting april 2021 skjermdump 11
DIGITALT MØTE: Fylkestinget i Møre og Romsdal hadde digitalt møte måndag og tysdag denne veka. Skjermdump: Mrfylke.no
Nytt

Sve om Business Norway: – Spel for galleriet

Frp langa ut mot regjeringspartia sin felles kampsak. Og fekk svar på tiltale frå Ap.

Marius Rosbach
20.04.2021

Fylkestinget i Møre og Romsdal kom tysdag med ei samrøystes uttale i samband med opprettinga av eksporteininga Business Norway.

Bakgrunnen for utspelet er at regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for korleis Norge skal auke eksporten framover. I midten av mars gjekk regjeringa ut og lanserte den nye eininga. Det er venta at eit forslag kjem på bordet i revidert statsbudsjett neste månad.

Business Norway skal etter planen forvalte 75 millionar kroner og her vil regjeringa samle kompetanse, som i tett samarbeid med næringslivet skal jobbe for å auke den norske eksporten.

Diskusjonen tok fyr
Diskusjonen i det som i utgangspunktet er ei felles kampsak for fylkespolitikarane, tok fyr då Frank Sve (Frp) fekk ordet.

– Dette er eit taskenspel når dei har tapt saka i regjeringa, sa Sve og peika på erfaringa i kampen om få GIEK/Eksportkreditt til landsdelen. Han meinte politikarane frå regjeringspartia ikkje var truverdige i ein slik lokaliseringskamp når dei på eine sida stor fram som tilhengarar lokalt, men stemte mot til dømes å flytte GIEK til Ålesund, då saka var oppe i Stortinget.

– Det er eit spel for galleriet, sa Sve – som samtidig rosa fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) for initiativet, og forsikra at han ville gjere sitt for at dei fekk gjennomslag.

Reagerte på ordbruk
Per Vidar Kjølmoen (Ap) reagerte kraftig på ordbruken til Frp-representanten.

– Eg er usikker på om taskenspel er eit uttrykk som bør nyttast i det politisk ordskifte. Men at Frp går ut av regjeringa og latar som dei er i opposisjon – og likevel stemmer med regjeringa i alle saker, er i tilfelle det verkelege taskenspelet som skjer for tida, repliserte han til Sve.

Også Pål Farstad (V) tok ordet og viste til at sjølv om lokale stortingsrepresentantar jobba til beste for fylket, så var det sjølvsagt ikkje alltid dei fekk gjennomslag.

«Alle korta på handa»
Det var kjent frå før at regjeringspartia frå Høgre, KrF og Venstre var positivt innstilt til saka. Det same var både Kristin Sørheim (Sp) som meinte fylke og Ålesund hadde «alle korta på handa», og viste til argumenta i uttalen.

Fylkestinget summerer opp saka i seks punkt (sjå alle under), der dei mellom anna trekk fram at Møre og Romsdal har høgast eksport per innbyggjar, om olje- og gass blir halde utanfor. Samtidig har fylke berre åtte prosent statlege tilsette – medan landssnittet er 12 prosent.

Les heile uttalen her (ekstern lenke)

Sjå sakspapira og direktesending frå møtet (eksterne lenker)

Publisert: 20.04.2021 15:09

Sist oppdatert: 09.05.2021 02:59

Mer om