Linda strommen sparebanken more
OPTIMISTISK: Konkurstala går nedover på Nordvestlandet. Både bankens eigne tal og trendane dei ser elles for distriktet, gir grunn til optimisme, stadfestar banksjef Linda Strømmen. Tysdag tek ho formelt over ansvaret for næringslivsmarknaden til Sparebanken Møre. Foto: Lizbeth Osnes
Nytt

Færre konkursar på Nordvestlandet

Året startar med positive tal. Banksjef ser også lysning for bygg- og anleggsbransjen.

Marius Rosbach
01.04.2025

Betydeleg færre selskap gjekk over ende på Nordvestlandet i løpet av første kvartal i år, samanlikna med i fjor. 

Det viser tal frå Brønnøysundregistera som Nett No har henta inn. 

Ved ut løpet av mars var det meldt om 46 konkursopningar i Møre og Romsdal fylke, ein nedgang på 22 prosent samanlikna med tala ved same tidspunkt i 2024. 

Også i Nordfjord-kommunane Stryn, Stad, Kinn og Gloppen er det ein nedgang frå seks til fire konkursopningar i første kvartal. 

Meiner det er mest grunn til å vere optimist
Banksjef Linda Strømmen i Sparebanken Møre ser den same trenden.  

– Vi følger konkurstrendane tett og ser at den er redusert i løpet av første kvartal i år, seier ho til Nett No. 

Tysdag er formelt hennar første arbeidsdag med ansvar for næringslivsmarknaden til regionbanken. 

Trass i auka uro og usikkerheit i internasjonal politikk og handel, meiner Strømmen det er mykje som gir grunn til å vere optimist for distriktet sin del. 

– Vi er ein region med eit differensiert næringsliv som står seg godt, seier Strømmen. 

Langt færre konkursar i bygg- og anlegg
Bygg- og anleggsbransjen har i fleire år dominert konkursstatistikken i negativ forstand. Kring ein tredel av konkursopningane har kome i desse næringane. 

I første kvartal er det berre 7 av 46 konkursar som tilhøyrar bygg- og anlegg i Møre og Romsdal fylke. Det er ei halvering frå 30 til 15 prosent samanlikna med i fjor.

Også banksjefen ser ei lysning ei lysning for bygg- og anlegg. 

– Vi ser lys i tunnelen, mellom anna for byggebransjen. Det gjeld alt frå grunnarbeid, maskinentreprenørar og underleverandørar. Eg vil seie det er ein forsiktig optimisme for augneblinken, legg ho til. 

Analysebyrået Experian Norge melde nyleg om den same trenden på landsbasis, med ein nedgang i talet på konkursar i bygg- og anleggsbransjen på 32 prosent frå februar i fjor, til same månad i år. 

Betre enn frykta for varehandel
Varehandel er ein anna bransje der konkursfrykta har vore høg. 

Sjølv om bransjen er den med flest konkursar i første kvartal i Møre og Romsdal, peiker analysebyrået på at tala også for denne bransjen går i positiv retning. 

– Nivået på konkursar i varehandel i vår region er slik det normalt sett pleier å vere. At Norges Bank ikkje valde å sette ned renta, fortel nok at kjøpekrafta til folk flest trass alt er ok, og at ting ikkje er blitt så ille som ein frykta, seier Strømmen. 

Misser ikkje nattesømnen over handelsuro
Handelskrig og tollmurar er andre utfordringar «i tida», men banksjefen er ikkje mellom dei som misser nattesømnen av den grunn. 

– Her må ein berre følgje med å tilpasse seg, men vi har mykje felles interesser med Europa, så eg meiner det er liten grunn til å vere veldig bekymra, seier ho. 

Med høgare aktivitet – ikkje minst i den maritime klynga – er banksjefen mest spent på korleis det går med rekrutteringa til bedriftene som opplever auka aktivitet. 

– Kunsten vil vere å tiltrekke seg tilstrekkeleg med arbeidskraft, spår Strømmen. 

  • Les om konkursutviklinga dei siste åra under

Publisert: 01.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 31.03.2025 23:40

Mer om