Marie Haugli Sandvik Foto NTNU
FERSK DOKTOR: Marie Haugli-Sandvik disputerte for doktorgraden om datasikkerheit til sjøs førre veke.
Nytt

Først frå maritim student til doktor

Har forska på dekksoffiserars møte med datasikkerheit og kjem med anbefaling til reiarlaga.

Marius Rosbach
30.01.2024

Marie Haugli-Sandvik forsvarte førre veke si avhandling om korleis dekksoffiserar møter it- og cyber-risiko om bord på skip.

Som doktor i ingeniørvitskap vart ho også den første har gått den maritime utdanningsvegen frå bachelorstudent i nautikk, til doktor ved NTNU i Ålesund, ifølgje ei pressemelding tysdag.

I doktoravhandlinga har Haugli-Sandvik har fordjupa seg i maritim cybersikkerheit og menneskelege faktorar.

Bør jobbe meir med cybertrugslar
Ho fortel til NETT NO at eitt av hovudfunna i arbeide var at det var ein skilnad på korleis offiserane sitt forhold til dei operasjonelle systema – som dei brukar til å navigere etter, og it-systema dei jobbar med.

– Styrmenn er gjerne meir opptekne av teknologien som styrer dei fysiske tinga rundt dei, og ikkje så opptekne av it-systema, seier ho.

Haugli-Sandvik har sjølv arbeidserfaring frå sjøen og meiner reiarlag både bør legge betre til rette for bruken og utføre meir opplæring i desse systema, for å senke risikoen for uønskte hendingar.

– Det blir fokusert svært mykje på fysiske trugslar mot skip, som brann eller bombetrugslar. Framover bør ein i større grad jobbe med cybertrugslar som kan råke teknologien, legg ho til.

Skal undervise og forske
Haugli-Sandvik leverte i 2016 bacheloroppgåva i nautikk, som ein av dei første ved det nyfusjonerte NTNU i Ålesund. Tre år seinare vart masteroppgåva levert, innan emnet leiing av krevjande maritime operasjonar.

No er ho tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for informasjonstryggleik og kommunikasjonsteknologi.

– Framover skal eg undervise alle ingeniørstudentane våre og forske vidare på cyber-sikkerheit, fortel ho.

Avhandlinga heiter Cyber Risk Perception in Offshore Operations: An Exploratory Study of Deck Officers' Perceptions of Cyber Risks in Norwegian Shipping Companies, og blir publisert på NTNU Open i løpet av kort tid.

Publisert: 30.01.2024 16:02

Sist oppdatert: 17.09.2024 00:02

Mer om