God Jul fraa NETT NO 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
Foto: Wikimedia Commons
Nytt

God jul frå NETT NO-redaksjonen

Næringslivet greidde seg overraskande godt gjennom pandemien. Men ei globalisering i revers, skaper nye farar og nye sjansar.

23.12.2022

Konsekvensen av koronapandemien og krigen i Ukraina var utgangspunktet då vi i vår planla årets NETT NO-magasin.

Etter at magasinet kom i november har konsekvensane blitt enda tydlegare, med nedbemanningar hos selskap som Optimar og Bjørdal og utsette investeringar.

På toppen av det heile kom regjeringa med framlegg om at oppdrettselskapa skal betale mykje meir skatt frå 1. januar 2023, men utforma framlegget slik at oppdrettselskapa først fram mot sommaren 2023 veit korleis skatten blir. Dermed blei store investeringar sett på vent. Det råkar mellom andre bedriftene som leverer varer og tenester til oppdrettsnæringa, og dei er det fleire av på Nordvestlandet.

Trass dette er næringslivet på Nordvestlandet framleis i god fart ved inngangen til 2023. Samstundes er farevarsla fleire og forventningane dalande.

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i NETT NO-magasinet 2022. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Likevel er det verdt å minne om at det også er bedrifter som ventar og bur seg på vekst, slik som Ulmatec Handling Systems på Hareid som la ut sju ledige stillingar før jul.

Men nye farar skaper også nye sjansar.

I NETT NO-magasinet 2022 kan du lese at Spilka-direktør Terje Bøe det siste året har fått fem seriøse forespørslar frå større bedrifter som vil flytte komponentproduksjon nærare seg, om Plasto-sjef Lars Stenerud som opplever at kundane vil ha støypeformene til plastprodukta sine laga i Europa i staden for i Kina, og om Ekorneskonsernet som vil spreie produksjon av komponentar på fleire produsentar og fleire land.

Du kan også lese om ny teknologi som gjer det lettare å flytte produksjon heim. Det kan til og med bli klesproduksjon på Sunnmøre igjen om utviklingsarbeidet i regi av 3D Knitting & Technology i Sykkylven lukkast. I det samarbeidet er Flakk-familiens selskap med, og målet er å strikke eksklusive genserar på Sunnmøre ved hjelp av avanserte strikkerobotar.

Dei er ein del av ein trend der risikoen ved produksjon langt unna og kompliserte forsyningsliner har fått større merksemd. Globalisering må vike for regionalisering.

Etter at den kalde krigen tok slutt med Berlinmurens fall, er politisk risiko først og fremst knytt til korrupte og mindre rike land langt unna. Med krigen i Ukraina har eit selskap som Havila Kystruten fått merke at politisk risiko har blitt ein faktor også tett på oss.

Du kan óg lese korleis bedrifter i regionen jobbar med å ta i bruk smartare løysingar til sjøs, på land og på jarnbane. Ved hjelp av venger som kan trekkast inn i skroget gjer Wavefoil at båtar går betre i sjøen og brukar mindre drivstoff. Entreprenørselskapet Aco var tidleg ut med å elektrifisere anleggsmaskinene sine, medan Onrail utforskar om hydrogen kan bli drivstoff på Raumabanen.

I 2021 - det andre året i koronapandemien – auka driftsinntektene til bedriftene i regionen vår med 17 prosent og lønsemda med 30 prosent. Både hotell- og restaurantbransjen fekk eit godt år i 2021, trass i at begge bransjane måtte slite med koronarestriksjonar også i starten av fjoråret. Under koronakrisa måtte overnattings- og serveringsbedriftene tenke nytt om måten å drive på, og den erfaringa vil gi gevinstar også framover.

Når NETT NO vurderer utviklinga på Nordvestlandet er det mellom anna basert på ei resultatoversikt for alle bedrifter med over fem millionar kroner i driftsinntekter i regionen vår. I år er oversikta utvida til også å omfatte Molde, Rauma og Vestnes kommunar, i tillegg til kommunane i Nordfjord og på Sunnmøre. Utvidinga er ei erkjenning av at sambandet mellom næringslivet i Romsdal og Sunnmøre/Nordfjord har blitt tettare og eit resultat av at NETT NO har utvida dekningsområdet.

Vi ønskjer våre lesarar og annonsørar ei retteleg God Jul!

Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Publisert: 23.12.2022 14:30

Sist oppdatert: 26.12.2022 20:20