Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
MINERALUTVINNING: Det grøne skiftet kan gjennomførast utan gruvedrift på havbotnen, meiner WWF Verdens naturfond. Ein rapport frå Sintef viser at bhovet kan reduserast betydeleg. Illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
Nytt

Meiner gruvedrift på havbotnen ikkje trengst

Ny rapport viser at behovet for kritiske mineraler kan reduserast kraftig.

NPK
28.11.2022
(NPK): Behovet for dei mest kritiske minerala i produksjon av fornybar energi kan reduserast med opptil 58 prosent innan 2050, ifølgje ny rapport frå Sintef. Det vil redusere behovet for å starte opp gruvedrift på havbotnen for å få tak i naudsynte mineral.

– Å opne for gruvedrift på havbotnen vil då ikkje berre vere uforsvarleg og uøkonomisk, men også unødvendig, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF i ei pressemelding.

Vil opne for mineralutvinning
Mineral som nikkel, mangan, kobolt, kopar og sjeldne jordart-element er viktige ingrediensar til overgangen frå fossil til fornybar energi.

Fleire av minerala finst i norske havområde, men den nye rapporten frå Sintef avdekkjer at behovet for minerala kan kuttast drastisk med opptil 58 prosent gjennom innovasjon innan fornybar teknologi, og ved å gjere økonomien vår meir sirkulær.

I oktober la Olje- og energidepartementet fram konsekvensutgreiinga for gruvedrift på havbotnen, som tek sikte på å opne for gruvedrift på havbotnen i havområde tilsvarande cirka 85 prosent av landsarealet i Noreg.

Etterlyser meir kunnskap
Både FNs miljøprogram, World Economic Forum og Havpanelet har åtvara om at vi i dag har altfor lite kunnskap om kva konsekvensane av gruvedrift på havbotnen vil bli.

– Det er snakk om å starte opp industri på fleire tusen meters djup sjølv om vi veit utruleg lite om naturen der. Det er direkte uforsvarleg og kan gi uante konsekvensar for både dyreliv og sårbare økosystem, og dessutan fiskeri og andre næringar. Den risikoen kan vi ikkje ta, seier Andaur.

(©NPK)

Publisert: 28.11.2022 14:26

Sist oppdatert: 28.11.2022 14:34

Mer om