Gruvedrift mineral steinprøver havbotn innfelt hans olav hide foto Universitetet i Bergen skjermdump 11
EKSPORTINDUSTRI: Hans Olav Hide er styreleiar og medeigar i Loke Minerals og trur mineralutvinning kan bli ein ny eksportindustri for Norge. Foto/skjermdump: Universitetet i Bergen/Teams-møte
Nytt

– Vi skal klare å løyse dette

Utsiktene til å skape ein ny industri er store – men det er også skepsisen. Hans Olav Hide trur ikkje dei har teke seg vatn over hovudet i mineraljakta til havs.

Marius Rosbach
08.05.2021

I løpet av dei neste åra vil det stå ein beinhard kamp om korleis Norge skal utnytte mineralressursar i havet. Norge er truleg mellom landa i verda med største førekomstar av marine mineral, som vil vere etterspurt i alt frå batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Den utflytta sunnmøringen Hans Olav Hide, er styreleiar og medeigar i Loke Minerals, og mellom dei som ser store moglegheiter.

– Det er enormt spennande og samtidig er vi ute på ganske djupt vatn. Ingen har vore der og gjort dette før, erkjenner han i eit digitalt intervju med NETT NO.

Gruvedrift på havbotnen er trekt fram som ein av dei nye maritime næringane for framtida. Potensialet for ny verdiskaping og arbeidsplassar til industrien langs kysten, er langt større enn vindkraft til havs, ifølgje ein rapport frå Rystad Energy.

(saka held fram under)

Fakta om gruvedrift til havs

Ein rapport frå Rystad Energy viser at mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ei årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra.

Det er meir enn dobbelt så høgt som moglegheitene som er antyda for havvindindustrien.

Dei mest optimistiske anslaga for sysselsettinga frå mineralutvinning, viser ifølgje rapporten at det kan bli skapt meir enn 20.000 nye jobbar i næringa her til lands.

(saka held fram under)

Varm kjelde skorstein havbotnen foto wikimedia commons 11
VARME KJELDER: Varme kjelder eller «skorsteiner» på store havdjup spelar ei avgjerande rolle for at det oppstår mineral eller metall. Varmt sjøvann blir pressa ut og tek med ein miks av sediment som legger seg på botnen. Miljørørsla er skeptisk til korleis desse kjeldene kan bli påverka av mineralutvinning: Foto: Wikimedia Commons.

Miljøorganisasjonar vil stanse no
Motstanden er samtidig stor blant både miljøvernorganisasjonar, forskarar og fiskeriinteresser. Ein smakebit på frontane i debatten, kom då regjeringa nyleg avslutta høyringsrunda om eit forslag til program for konsekvensutgreiing.

Same dag sende seks miljøorganisasjonar ut ei felles pressemelding der dei bad om at heile prosessen blei stansa – allereie før det blir vurdert korleis styresmaktene skal opne for leiting.

Miljødirektoratet meiner også det er behov for å dra i bremsa. I sitt høyringssvar skriv dei at det trengst meir tid for å skaffe nok kunnskap om moglege konsekvensar, enn regjeringa legg opp til.

Ingen ønsker å gjere ting som er skadeleg for miljøet. Vi må finne berekraftige måtar å gjere dette på
Hans Olav Hide

– Vi tek ikkje nokre snarvegar
– Ingen ønsker å gjere ting som er skadeleg for miljøet. Vi må finne berekraftige måtar å gjere dette på. Vi tek ikkje nokre snarvegar og skal klare å løyse dette, seier Hide om miljøskepsisen.

Oljeveteranen meiner at det vil vere heilt nødvendig at det blir jobba med å skaffe til vege metall som kobolt og kopar, om det overhovudet skal vere mogleg å gjennomføre ei grøn omstilling.

– Korleis skal vi elles få tak i mineralane, spør Hide og viser til at det er ei rekke utfordringar knytt til dagens utvinning med alt frå vern av regnskog, forureining av grunnvatn og barnearbeid.

– Tilgangen til nye reserver er også avgrensa. Sjølv med rekordhøg leiteinnsats, er det ikkje funne så lite kopar sidan 1950-talet, fortel han.

Norge har fleire fordelar
Gjerdsvikaren meiner historia til norsk olje- og gassindustri er mellom dei sterkaste argumenta, for at ein bør nytte kunnskapen til gruveverksemd på havbotnen.

– Skeptikarane har ikkje vore få, men vi har klart å utvikle oljeindustrien på ein eksemplarisk måte. Når folk får meir kunnskap om marine mineral, trur vi dei vil segle opp som eit godt alternativ, seier han.

Erfaringa frå olja er berre ein av fordelane Norge har.

Hide peiker på at Norge i tillegg til stort ressurspotensial, har eit stabilt og godt etablert rammeverk for aktiviteten i olje- og gassindustrien, som blir lagt til grunn for den nye næringa.

Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
BEHOV FOR MARITIMT UTSTYR: Mineralane vil bli pumpe til overflata til eit produksjonsfartøy, der dei blir samla og frakta vidare med andre skip til land. Illustrasjon: Rystad Energy

Basiskunnskap frå olje- og gass
Saman med Walter Sognnes og Tore Halvorsen utgjer Hide trioen som står bak Loke Minerals. Selskapet har adresse i oljebyen Stavanger, og kunnskapen dei har bygd opp gjennom karrierar i ulike olje- og subseaselskap ligg til grunn for satsinga.

– Ein kar som Tore verkar å vere fødd på 3000 meters djupne, og har halde på med subseaarbeid i 40 år, seier Hide spøkefullt, og understrekar at koplinga til olja kan vere avgjerande for framveksten av industrien her til lands.

Dette har vi ein unik moglegheit til å bygge ut i Norge, og blir verdsleiande på,
Hans olav Hide

– Då vi gjekk inn i dette, trudde vi at vi skulle jobbe med gruvekompetanse på havbotnen. Men etter kvart ser vi at olje -og gassindustrien har ein basiskunnskap og teknologi som veldig langt på veg kan danne basis for slike gruver. Dette har vi ein unik moglegheit til å bygge ut i Norge, og blir verdsleiande på, er hans konklusjon.

Lagar «innhaustingsmaskin» til tett system
Eitt av prosjektet til Loke Minerals dreiar seg om å lage ein maskin som kan sanke steinmassar på botnen.

Maskina skal suge til seg stein og det meste av støvet, som deretter blir blanda med vatn - og pumpa til overflaten. Det heile skal vere eit tett system for å minimere miljøpåverknad.

– Vi har kontakt med dei flinkaste folka i verda og Norge, og vi ser at det er mykje interesse for å vere med, fortel han.

Hans olav hide skjermdump teams 11
NY EKSPORTNÆRING: Hans Olav Hide har trua på at nordmenn kan reise ut i verda, slik amerikanarane på 1960-talet kom hit for å lære bort oljeutvinning ved starten av det industrieventyret. Skjermdump: Teams-møte

Vil hente kapital
Selskapet har fått støtte frå Innovasjon Norge. I dag eig gründerane selskapet sjølv, men han fortel at det vil vere naturleg å søke eksterne investorar. Framover ser de føre seg ein periode med prototypebygging og påfølgjande testing, før det eventuelt blir opna for leiting.

– No jobbar vi med to ting: Det eine er å ta vekk usikkerheit. Vi veit det er mykje mineral, men vi veit ikkje nok om volum, konsentrasjon og type. Det andre er korleis vi kan utvinne ressursane, fortel han.

Treng utstyr og båtar frå industrien
Verksemda vil skje langt til havs og ein ser føre seg at sankingane kan skje direkte på havbotnen med ein form for undervassfarkost eller køyretøy.

Mineralane blir så pumpa opp til eit produksjonsfartøy som ligg i ro ved mineralfeltet. Ein form for frakteskip vil hente mineralane for eksempel ein gong i veka.

Om det blir sett i gong verksemd på eit nivå som regjeringa ser føre seg, vil ein trenge leveransar for titals milliardar frå maritim industri. Hide tør ikkje spå når ein slik etterspurnad vil merkast for alvor.

– Både utstyr og båtar skal byggjast, men vi må nok over på den andre sida av 2025 før den store aktiviteten kjem. Per i dag ser det ut til at prosessen kan føre fram til ei tildeling av areal i 2024, men spørsmålet er kva tid det kan bli opna for leiting, fortel Hide.

Høyringsrunda til programforslaget til konsekvensutgreiing viste at fleire i industrien meiner styresmaktene bør auke både tempoet og bevillingane for å opne havområde for leiting og utvinning.

Island Valiant foto Oljedirektoratet 11
KJERNEBORING: Offshoreskipet Island Valiant blei nytta til å ta kjerneprøver på mineraltokt i Norskehavet i fjor. Reiarlaget har vore ute på fleire tokt for å kartlegge førekomstane av mineral på norsk sokkel. Foto: Oljedirektoratet
Det er også ein internasjonal marknad med minst like stort potensiale
Hans Olav Hide

Tradisjon for nyskaping under vatn
Om dei optimistiske utsiktene slår til, er Hans Olav Hide overtydd om at industrien langs kysten kan få ein ny marknad. Han trur at den maritime klynga har gode føresetnader for å utvikle løysingar som kan bli etterspurd også internasjonalt.

Sunnmøringen trekker fram eit døme frå eiga karriere han meiner illustrerer korleis norsk undervassteknologi har klart å vere nyskapande. På 1980-talet trengde olje- og gassindustrien betre utstyr for å kunne bygge ut felt på djupare vatn.

– Medan andre jobba med å lage tjukkare glas på dykkermaskane, utvikla Kongsberg Offshore med Tore i spissen, ei automatisert løysing som gjorde at ein ikkje trengde dykkarar i det heile. Dette gav sikrare og billegare utbygging, og har blitt ein stor eksportindustri for Norge, fortel han.

Han trur moglegheitene er store til å bruke spisskompetansen Norge sit på i dag, til å bygge ny kunnskap og teknologi for marine mineralar.

– Ikkje berre for å bygge næringa i Norge, men det er også ein internasjonal marknad med minst like stort potensiale, avsluttar han.

Publisert: 08.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 07.06.2021 20:53

Mer om
Annonsørinnhold