Gruender sparar skular og studentar for tid og pengar
TIDSBESPARANDE: Løysinga Hege Longva har lansert gjennom selskapet NOA AS, gjer at mellom anna Høgskulen i Volda sparar tid og ressursar ved å bruke den digitale løysinga for kring 1000 av studentane sine.
Nytt

Gründer sparar skular og studentar for tid og pengar

Hege Longva er ein av rekordmange som har starta ny bedrift i Møre og Romsdal siste åra. 11.000 nyttar løysinga - og no er ho klar for neste steg.

Marius Rosbach
14.03.2020

Med opptil fleire hundre studentar i salen kan det gå med mykje tid til å registrerer oppmøte med «gamaldagse» papirløysingar. Det meinte Hege Longva det fantes betre løysingar for. Ved sidan av full jobb har ho difor kome opp med verktøyet kalla – Notice of Attendance – forkorta til NOA.

– Eg jobbar som administrasjonssjef ved Sonans Privatgymnas i Oslo, og gjennom den fann eg ut av det var eit behov for å gjere dette på ein enklare måte. Produktet oppstod med andre ord som følgje av eit opplevd problem, fortel Longva til NETT NO.

Løysinga er at studentane sjølv registrerer oppmøte digitalt i ein applikasjon. Slik slepp førelesarane å føre manuelle lister – som i ettertid også må førast inn digitalt. Då kjem ein raskare i gong med undervisninga og ein sparar tid ved at listene alltid er ajour.

Nyttast av 11.000 studentar
Førebels har Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Agder, Norges idrettshøgskule og NLA Journalisthøgskule i Kristiansand vore pilotkundar og teke i bruk løysinga for utvalde emne.

nettnohalf

I tillegg blir den nytta av Sonans – som undervisar privatistar på 14 skular over heile landet.

– Til saman er det no kring 11.000 brukarar, og vi håpar å få inn produktet hos fleire frå hausten, fortel gründeren.

Medan studentane sjølv nyttar ein app på mobiltelefonen, kan førelesarane ha ein webversjon der dei har full oversikt. Der kan dei også registrere studentar som har gløymt telefonen. Studentane har mellom anna også oversikt over timeplanen og kor mykje fråvær dei har.

Les også: 2700 nye arbeidsplassar i nordvest

God start for utleige av minilager

Synspunkt: Vi trenger flere kvinnelige gründere

På investorjakt
Sjølve utviklingsarbeidet har Longva hyra inn Stephansen Consulting i Ålesund til å gjere. Ho har heldt på jobben som administrasjonssjef ved Oslo-skulen, og jobbar hovudsakleg frå leigd kontorplass hos Fantastiske Osberget i Ulsteinvik.

nettnohalf

– Prosjektet har fått maks støtte til kommersialisering frå Innovasjon Norge, der det meste av midlane har gått til å utvikle produktet vidare, fortel ho.

No er utviklingsperioden på hell og eit nytt kapitel står for døra. Longva bur seg på å hente inn kapital for å vekse og sette inn meir ressursar på salg og markedsaktivitetar.

– Framover ønsker vi både å knytte til oss investorar og samarbeidspartnarar for integrasjonar og support, seier ho.

– Digital revolusjon
For dei som måtte tenkje at studentane kan registrere seg medan dei ligg heime i senga – må tru om att. For å få registrere seg må studentane vere innafor ein eit vist område – ved hjelp av GPS lokasjon på mobilen. Førelesarane kan også gi ei kode til studentane som dei skal nytte den dagen. Juks blir behandla på linje med juks til eksamen av den enkelte studiestaden.

Tilbakemeldingane har vore positive og systemansvarleg ved Agder-universitetet omtalar løysinga som «ein liten digital revolusjon».

– Ein av skulane eg har snakka med, meiner kostnadane med dette kan vere tent inn allereie i løpet av nokre månader, fortel Longva.

Flest nyetableringar på minst ti år
Møre og Romsdal har dei siste åra opplevd at rekordmange startar nye bedrifter. I fjor blei det stifta heile 2446 nye firma – det høgste talet i SSB-statistikken for dei siste ti åra.

nettnohalf

Også i 2018 var talet tilsvarande høgt, med 2396 nyetableringar. Ein av desse var gründerbedrifta til Hege Longva.

– Alle pilane har peika rett veg i Møre og Romsdal dei siste åra, og vi har vore i ein situasjon med stor etablering og mange folk i arbeid, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV til NETT NO.

No er han spent på kva korleis koronapandemien vil slå ut på statistikken – og evna til dei ferske bedriftene til å overleve. Erfaring tilseier at svært mange går dukken dei første åra – og for mange blir det truleg ekstra tøft.

– Det blir spennande å sjå kva konsekvensane blir, og om nokre av desse bedriftene har fått for lite fotfeste til å drive framover i ein slik tøff periode, seier Veland.

Les også: Arnstein starta som omreisande fiskehandlar

Suksess for første runde med investortreff

Seriegründerens råd: – Jeg tenkte for smått

Bare halvparten fikk plass på «treningsleir» for oppstartsbedrifter

Møt tre gründerar i opplevingsbransjen


Ein av skulane eg har snakka med, meiner kostnadane med dette kan vere tent inn allereie i løpet av nokre månader

Publisert: 14.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 17.01.2022 13:43