Spinning energy innfelt rodstol foto illustrasjon ogne sintef 11
LANG MARITIM ERFARING: Arne Ove Rødstøl (innfelt) har arbeidd for både Rolls-Royce Marine (no Kongsberg Maritime), Ulstein Group og Vard. I Vard jobba han med forretningsutvikling, før han slutta og byrja som dagleg leiar i Spinning Energy i 2021. Illustrasjon/arkivfoto: Sintef/Rundeforsking/Ogne Øyehaug
Nytt

Har Edison Chouest med på laget

Island Offshore-partnar satsar på norsk svinghjul.

14.03.2024

Arne Ove Rødstøl er dagleg leiar og medeigar i Spinning Energy i Ålesund, eit selskap som utviklar eit mekanisk batteri.

Han stadfestar til NETT NO at Edison Chouest er medeigar, men held forøvrig korta tett til brystet ut over å seie at selskapet driv testing for å få stadfesta at løysinga kan brukast i større skala.

Sjølv om det ikkje er stadfesta, er det nærliggande å tru at Edison Chouest si interesse skuldast at om Spinning Energy lukkast, kan det bety at offshorefartøy og andre skip får ei utsleppsfri energikjelde ombord som er eit alternativ til tradisjonelle batteri.

Det amerikanske Edison Chouest-konsernet eig i og driv ein flåte på over 200 offshorefartøy - blant dei medeigarskapet i Ulsteinvik-reiarlaget Island Offshore. Dei eig óg hamneanlegg og verft.

Kan brukast på skip
I ein bacheloroppgåve som NETT NO omtalte i fjor haust foreslo to NTNU-studentar å bruke den same løysinga som Spinning Energy arbeider med, og plassere ei rekkje svinghjul ombord i eit spesiallaga fartøy.

Fartøyet kunne ladast på Linge i Storfjorden, og gå til Geirangerfjorden - der energien blir gjort om til elektrisitet igjen.

Kinetic Carrier one montasje illustrasjon 11
MOBILT ENERGILAGER: Med energi tilsvarande kring 130 Tesla-er kom to NTNU-studentar opp med ei løysing der ein nytta svinghjul for å løyse kraftbehov i Geiranger med eit 24 meter langt fartøy. Illustrasjon: Hans Jørgen Sveen og Lars Vestnes Larsen

Svinghjul i vakum
Kort og forenkla forklart er det snakk om eit svinghjul inne i ei tønne, med vakum. Det er ei enkel løysing for å lagre energi, til skilnad frå eit vanleg batteri, som treng fleire og tildels sjeldne grunnstoff for virke.

Medan ei vanleg batteri verft tilført straum, som blir omdanna til kjemisk energi, blir svinghjulet sett i rotasjon til dømes av ein elmotor.

I vanlege batteri blir det frigjort straum når den kjemiske prosessen blir reversert. Svinghjulet fungere som ein dynamo, der rørsleenergien i svinghjulet blir omdanna til elektrisitet.

Publisert: 14.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.03.2024 10:41

Mer om