Trålar akraberg vard innfelt dag vikestrand foto marius
TIL FÆRØYANE: Hekktrålaren Akraberg til eit reiarlag på Færøyane, er berre eitt av fartøya verftsdirektør Dag Vikestrand har i ordreboka på Vard Brattvåg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har fullt med nybygg i to år framover

Verftet skal levere tre trålarar, to vindskip, eit kabelskip – og kanskje superskipet til Kjell Inge Røkke.

Marius Rosbach
01.06.2022

Brattvåg-verftet til Vard har solid med oppdrag om dagen og skal levere minst seks nye skip dei neste to åra.

– No har vi ein horisont fram til våren 2024 med nybygg. I tillegg må vi fylle på med ombyggingar og reparasjonsoppdrag i rolegare periodar undervegs, fortel verftsdirektør Dag Vikestrand til NETT NO.

Vard dåp norwind breeze foto marius 22
VINDSKIP: Måndag leverte Vard Brattvåg Norwind Breeze. Reiarlaget i Ålesund har bestilt fire nye skip til same marknad og to av dei skal leverast frå Brattvåg. Foto: Marius Rosbach

Hekktrålar og Røkke-skip til kai
Da Norwind-reiarlaget sin ombyged PVS blei døypt måndag låg to andre fartøy til kai ved verftet.

Det eine er hekktrålaren Akraberg som skal leverast til det færøyiske reiarlaget Framherji i løpet av sommaren.

Det andre skipet til kai er prestisjeskipet Rev Ocean, som Kjell Inge Røkke har under bygging.

Bygginga er som kjent blitt forseinka, og verftskonsernet svarar framleis ikkje på kommentarar kring når levering er venta. I fjor blei det anslått at den kombinerte yachten og forskingsskipet som skulle vore levert i fjor, er tre til fem år etter skjema.

(saka held fram under)
Rev ocean vard brattvåg foto marius 11
REV OCEAN: Prestisjeprosjektet Rev Ocean blir truleg verdast største yacht , og samtidig eit forskingsskip - når Kjell Inge Røkke får det grensesprengande fartøyet levert. Foto: Marius Rosbach

Trålarar, vindskip og kabelskip for tur
Vidare i ordreboka til Brattvåg-verftet er det fleire skip i kjølvatnet etter desse.

– Vi har to trålarar som skal utrustast etter at Akraberg er levert. Vi har også to nye servicefartøy for havvind til Norwind Offshore i ordreboka, og skroget til eit kabelleggingsfartøy som kjem til verftet i november, fortel verftsdirektør Vikestrand.

Norwind Breeze som blei overlevert måndag, vart bygd om på rekordtid, berre seks månader. For dei neste vindskipa som er nybygg, har dei litt betre tid. Men også er vil det gå unna.

Norwind-skip nummer to skal leverast i mai neste år og skip nummer tre i mars 2024. Reiarlaget skal også bygge to skip ved Vard sitt verft i Vietnam, som skal leverast deretter.

«Går heilt greitt» å få folk
Tilbakemeldingar frå bedrifter i ein rekke bransjer fortel at det er vanskeleg å få tak på komeptent arbeidskraft. Verftsdirektøren fortel at det «går heilt greitt» enno i deira prosjekt, til trass for globale utfordringar som følgje av pandemi og krigen i Ukraina.

– Vi anser ikkje tilgangen på arbeidskraft som kritisk akkurat no. Men det er mykje som spelar inn, ikkje minst stålpris og tilgang på utstyr, legg Vikestrand til.

Pilene peiker rett veg
Vard-eigar Fincantieri har organisert skipsbygginga for dei norske verfta i to ulike forretningsområde. Dei siste kvartalstala viste ei dobling i inntektene frå året før for forretningsområdet offshore og spesialskip.

Det omfattar berre verksemd ved dei norske verfta, men alt frå fiskebåtar, offshorefartøy til vindkraft- og oljeindustrien og marinefartøy. Også lønnsemda for dette området betra seg i første kvartal i år.

Bygging av cruiseskip er ein del av forretningsområdet skipsbygging, som omfattar både Vard-verft og Fincantieri-verft.

Publisert: 01.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 31.05.2022 23:32

Mer om