Vard viking polaris foto vard 11
ÅLESUND: I helga kom Viking Polaris-skroget til Vard-verftet i Søvika. Her er slepet utanfor Ålesund. Foto: Vard
Nytt

Fekk jobb til nær 1000 arbeidarar til kai

Sjølv om det er lempa på koronareglane, er framleis smittevernberedskapen på topp hos Vard-verfta.

Marius Rosbach
26.01.2022

I løpet av dei siste vekene er det gjort ei rekke endringar i koronareglane for innreise, karantene og testing. Vard-verfta held likevel fram med eit stort apparat for å halde kontroll.

– Alle tilreisande arbeidarar blir testa på grensa av styresmaktene. I tillegg tek vi PCR-test av samtlege arbeidarar, før dei slepp inn på verftet for å jobbe, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til NETT NO.

Vard har god aktivitet om dagen og til saman har konsernet om lag 1500 arbeidarar i sving ved dei tre verfta.

(saka held fram under)

Vard viking polaris foto vard 22
ISKLASSA: Viking Polaris blir isklassa for kunne segle i røffe farvatn. Både dette og systerskipet Viking Octantis, skal ha heimenamn på Svalbard og segle under NIS-flagg. Foto: Vard

Fekk nytt cruiseskip til kai
Lokalavisa Nordre melde i helga at eit nytt stort oppdrag var kome til kai ved Søviknes-verftet. Skroget til «Viking Polaris» skal bli utrusta for det norske reiarlaget Viking Cruises. Oppdraget med det 205 meter lange skipet gir arbeid til kring 1000 arbeidarar fram til seinsommaren.

– Ved Vard Langsten er dei godt i gong med det første av tre kystvaktskip, i tillegg til at dei gjer reparasjon- og ombyggingsoppdrag. Og i Brattvåg er dei sluttfasen med ein trålar til Nergård Havfiske, fortel Akselvoll.

Etter at trålaren er levert, står ombygging av ein PSV til havvindmarknaden for tur. Verftet har også ein ny trålar til eit reiarlag frå Færøyane og eit kabelskip til nederlandske Van Oord i ordreboka.

(saka held fram under)

Viking OCTANTIS  foto Vard
SYSTERSKIP: Vard skal bygge to cruiseskip med ein samla prislapp på minst 4,5 milliardar for Viking Cruises. Viking Octantis var det første av to systerskip og blei levert før jul. Foto: Vard

Fryktar framleis utbrot
Etter at koronapandemien slo til i mars 2020 oppretta Vard «karantenesenter» ved brakkeriggane på Trohaugen. Her har dei mellom anna hatt eigne team med medisinsk personell.

Kommunikasjonssjefen fortel at det er viktig å framleis ha kontroll på stuasjonen.

– Vi har ikkje pågåande utbrot i dag. Men fordi smitten aukar veldig i lokalsamfunnet, har vi framleis beredskapen på plass og testar jamnleg for å følgje med. Vi har valt ei strengare linje enn styresmaktene krev, fordi vi så langt som mogleg vil unngå smitte inne på avdelingane, fortel ho.

Akselvoll har ikkje oppdatert oversikt over alle utgiftene dei har hatt til smittevern, men allereie etter nokre månader var dei oppe i fleire titals millionar. Solberg-regjeringa innførte etter kvart ei støtteordning som gir eit pengebeløp for kvar tilsett som må i karantene.

Rev ocean vard brattvåg 11
REV OCEAN: Vard jobbar også med Kjell Inge Røkke sitt kombinerte forskings- og ekspedisjonsskip Rev Ocean, men kommunikasjonssjefen vil ikkje svare på spørsmål om korleis dei ligg an med det forseinka prosjektet. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 26.01.2022 16:31

Sist oppdatert: 26.01.2022 16:49

Mer om