Nordic Spray Technology Stig Andre Voldsund tv og Are Halvorsen foto Nordic Spray Technology
AVDELING I ULSTEINVIK: Nordic Spray Technology etablerer avdeling i Ulsteinvik er grunnlagt av Stig Andre Voldsund frå Ulsteinvik og Are Halvorsen frå Bergen. Foto: Nordic Spray Technology
Nytt

Har milliardær i ryggen

Gründerane i Nordic Spray Technology har fått milliardæren Lars Helge Helvig med på eigarsida.

30.04.2022

I 2020 grunnla Stig Andre Voldsund frå Ulsteinvik og Are Halvorsen frå Bergen Nordic Spray Technology. No har dei fått milliardæren Lars Helge Helvig med på eigarsida.

Helvig-familien investeringsselskap Valinor har blitt 66 prosent eigar etter ei kapitalutviding på eit ikkje offentleggjort beløp tidlegare i år.

- Vi synest det er ein veldig spennande teknologi dei har fått tak i, seier Jarle Veshovde, investeringsdirektør for energi i Valinor og styreleiar Nordic Spray Technology.

Legering som beskyttar metall
Teknologien og retten til den er utvikla av den amerikanske partnaren, Nordic Spray Technology har retten til å bruke og selge den i Europa, ifølgje Veshovde.

Det handlar om ein ny metode for å legere metall, ifølgje ei pressemelding, der resultatet av overflatebehandlinganskal blir bedre vern mot rust, ei meir slitesterk legering og i tillegg ei overflate som gir mindre friksjon.

No etablerer Nordic Spray Technology avdeling i Ulsteinvik, i tillegg til avdelingane i Bergen og Stavanger. Planen framover er å auke staben i Ulsteinvik og etablere samarbeid med bedrifter i Midt-Norge og Vestlandet, seier medgrunnleggar Stig Andre Voldsund i ei pressemelding.

Er tatt i bruk

Gjennom eit datterselskap har Nordic Spray Technology allereie hatt oppdrag på Mongstad nord for Bergen.

Selskapet arbeider også med eit pilotprosjekt saman med ein av dei største norske metallprodusentane, med lovande testresultat, ifølgje pressemeldinga.

God for 2,5 milliardar kroner
Lars Helge Helvig har ein formue på 2,5 milliardar kroner og er rangert som nummer 163 på økonomimagasinet Kapital si liste over dei 400 rikaste i Noreg.

Mykje av formuen ligg i det familieeigde investeringsselskapet Valinor, som no altså er blitt medeigar i Nordic Spray Technology.

Gjer grøne investeringar
Valinor er mellom anna aksjonær i vindkraftselskapet Norsk Vind, Norsk Havvind - som utviklar vindkraftprosjekt til havs, i solkraftanlegg-selskapet Solgrid, i næringsområde-utvikllingsselskapet Norsk Industriutvikling og elbilladesystemselskapet Zaptec.

Fellesnemnaren for investeringane er at det kan settast ein grøn merkelapp på dei, med investeringar i fornybar energi og teknologi for høgare energieffektivitet.

Publisert: 30.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 02.05.2022 13:49

Mer om