Robert voldnes hoppid åkp foto marius 11
OPPSTARTSHJELPAR: Robert Voldnes er kontaktperson for Hoppid.no-ordninga i Ulstein, Hareid og Herøy. No har dei kontor i same bygg som Skaparhuset i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Får fleire gründerar på døra

Fleire nye bedrifter vil ha hjelp, men Hoppid.no på søre Sunnmøre merkar ingen stor auke som følgje av nedbemanning.

Marius Rosbach
16.03.2021

Robert Voldnes i Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), er kontaktperson for Hoppid.no-kontoret for Ulstein, Hareid og Herøy. Seniorrådgjevaren fortel at det har vore ei auke siste året av folk som vil starte for seg sjølv frå alle tre kommunane han jobbar med.

Dei same tre kommunane er mellom dei som ligg på toppen av arbeidsløysestatistikken i fylket. Men det er ikkje folk som har missa jobbane sine som i første rekke kjem til Voldnes for å be om råd og tips.

– Eg har ikkje merka noko stor effekt hos oss av den nedbemanninga som har vore. Eigentleg hadde eg kanskje trudd at nokre fleire av dei ville melde seg med idear til å starte nytt - men ikkje enno, fortel Voldnes til NETT NO.

Oppstartsbedriftene er først og fremst prega av stort mangfald, meiner oppstartshjelparen.

Hadde meir å gjere i fjor
Styresmaktene ikkje minst via Innovasjon Norge, opna pengesekken då koronapandemien slo til i fjor.

– Det vart mykje spennande ting å søke på for gründarar og bedrifter. Difor hadde vi og ÅKP si avdeling for nyskaping svært mykje å gjere i fjor.

I løpet av året blei ÅKP tvungne til å legge om mykje av verksemda til digitale kurs og møter, og det blei godt motteke ut frå situasjonen.

– Det vi er spente på no, er om alt som blei starta opp i fjor, vil fortsette. Vi veit at staten har snøra litt att på pengesekken i år, legg han til.

saka held fram under

Arne Larsen Ikuben foto marius 11
ULSTEINVIK: Arne Larsen frå Ikuben fortel om planane for samlokalisering med Skaparhuset og Kjersti Kleven i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Det er store skilnader mellom situasjonen i dei ulike bransjane. Voldnes fortel at ÅKP til dømes held på med eit vekstprogram for reiselivsbedrifter.

– Nokre slit veldig og må tenke nytt, medan andre har veldig gode tider, fortel Voldnes.

Flyttar til Skaparhuset
Hoppid.no-kontoret som har halde til på Borgstein, flyttar no inn i nye lokale i sentrum av Ulsteinvik i etasjen over Skaparhuset.

Kontoret vil representere både Hoppid.no og ÅKP, og vere saman med Ulstein Næringsforum og klyngeprogrammet Ikuben.

– ÅKP har elles ei målsetting om at det meste av aktivitetane våre skal kunne gjennomførast ute i distrikta. Slik sett er det spennande at vi flyttar hit, seier Voldnes.

Bygger opp ny lab
Då samlokaliseringa i Ulsteinvik blei presentert førre veke, fortalde Arne Larsen i Ikuben at ein ny lab som dei har under bygging, vil vere tilgjengeleg for brukarane her.

– Vi ønsker å finne løysingar som gjer at andre kompetansemiljø skal kunne kople seg på og gjere seg nytte av våre verktøy, seier Larsen.

I tillegg til innovasjonslab-en Protomore i Molde, har klyngeprogrammet no under bygging ein ny industrilab. Larsen reknar med at den fysiske delen vil vere ferdig i løpet av sommaren, og til hausten kjem den digitale biten på plass.

– Vi bruker kontaktane våre og den spennande kompetansen som finst i klynga til å lage ein spennande ny lab. Og det som kjem i Molde, blir også bygd opp til å nyttast her, fortel han.

Vil knytte industrimiljø tettare saman
Prosjektleiar Kjersti Kleven i Skaparhuset, jobbar også for Ikuben. Slik sett er allereie representert i Ulsteinvik.

– Dette er eit godt eksempel på korleis vi har tenkt til dra nytte av dei kreftene som står bak Skaparhuset, fortalde Kleven til då nyheita blei presentert.

Ho trur også ei samlokalisering kan vere med å knytte dei ulike industrimiljøa tettare saman med ein møteplass til Skaparhuset.

Publisert: 16.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 16.03.2021 09:25

Mer om