Prodtex Elverhøybrua innfelt tore roppen Foto Statens vegvesen 11
SUNNDAL: Den 715 tonn tunge og 110 meter lange brua har kome på plass over elva. Stålkassen er lasersveisa av Prodtex. Tore Roppen (innfelt) leiar forretningsutviklinga i selskapet med verksemd i Ulstein og Vanylven. Foto: Statens Vegvesen
Nytt

Har styrka staben med 20 tilsette i år

Snart kan trafikantane ta i bruk den andre bilbrua frå Prodtex.

21. desember kan trafikantar ta i bruk den nye Elverhøybrua på riksveg 70 i Sunndal.

– Dette har vore eit artig prosjekt å bygge, seier direktør for forretningsutvikling i Prodtex, Tore Roppen, til NETT NO.

Prodtex har lasersveisa stålkassa til brua. Dei har tidlegare levert Ya bru i Østerdalen i år.

  • Lenger ned kan du sjå ein video som viser flyttinga av stålkassa til Elverhøybrua.

Har investert 20 millionar i fabrikken
No er det ikkje bruer som står på menyen i verkstaden.

Akkurat no held dei på med konstruksjonar til oppdrett, og over nyttår skal dei bygge ein tank for trykksett hydrogen i verkstaden på Fiskå.

– Vi har eit veldig greitt belegg ut 2024 på produksjon, seier Roppen.

Han seier at 2023 har vore eit veldig hektisk år. Dei har investert over 20 millionar kroner på Vanylven-fabrikken. Roppen fortel at det har vore eit greitt år både på aktivitet og ordrer.

Prodtex Tore Roppen Sigbjørn Nordstrand 11
PRODUKSJON: Tore Roppen (t.v.) og Sigbjørn Nordstrand i Prodtex legg snart bak seg eit hektisk år. Arkivfoto: Marius Rosbach

Robothallarbeid
Tidlegare i år inngjekk Prodtex og Green Yard Kleven ein samarbeidsavtale om robotisert stålproduksjon, som i første omgang varer i tre år.

Difor har førstnemnte fått installert seg i robothallen til verftet og disponerar kring 4000 kvadratmeter der.

– Vi held på å bygge køyretøysperre til Regjeringskvartalet, og så held vi på å bygge produksjonsutstyr til ein stor norske kunde der.

I tillegg driv dei med delproduksjon til aktiviteten på Fiskå, og hjelper verftet om dei har behov for robotisert sveising.

– Hallen aukar kapasiteten vår betydeleg, så det er eit stor supplement.

Sigbjørn Nordstrand Hans Jørgen Fedog Foto Green Yard Kleven 111
HÅPEFULLE: Administrerande direktør i Prodtex, Sigbjørn Nordstrand, og dagleg leiar i Green Yard Kleven, Hans Jørgen Fedog, såg fram til det nye samarbeidet då avtalen vart signert. Foto: Green Yard Kleven

Nær dobla talet på tilsette
I år har Prodtex nesten dobla talet på tilsette på kontoret i Ulsteinvik og verkstaden på Fiskåholmen.

No har dei 40 fast tilsette, og per i dag er dei kring 40 personar til frå underleverandørar.

– 15-20 av desse er i robothallen på Green Yard Kleven no, seier Roppen.

Køyrde «megabitar»
Brua i Sunndal som snart opnar, vart levert i åtte store bitar.

Den største delen var 6,7 ganger 32 meter. Denne blei køyrd frå sentrum til Brustinden, som er ein distanse på åtte kilometer.

– Så monterte vi bitane til å bli ei full bru med 13 meters breidde og 110 meters lengde. Den køyrde vi over elva, og brua hadde ei vekt på 700 tonn.

Robotisert sveising
Prodtex har produksjon av mellom anna bruer på Fiskåholmen i Vanylven og designkontor i Ulsteinvik.

Selskapet har utvikla ein metode for robotisert lasersveis av ulike stålkonstruksjonar.

Prodtex blei starta av mellom anna Tore Roppen i 2018, som tidligare jobba som produksjons- og innkjøpssjef ved Kleven-verftet. Sigbjørn Nordstrand er dagleg leiar i selskapet.

Publisert: 04.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.12.2023 22:54

Mer om