Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
STORTINGET: Regjeringa sikra fleirtal for havvindsatsing etter at fleire parti trekte seg frå forhandlingane. Foto: Stortinget
Nytt

Havvind-semje på Stortinget

Regjeringa fekk med SV, MDG og KrF til å heve satsinga til 23 milliardar.

02.06.2023

(NPK-NTB): Regjeringspartia er samde med SV, MDG og KrF om havvindsatsinga på Sørlige Nordsjø II. Partia er samde om ei havvindsatsing på inntil 23 milliardar kroner.

Tidlegare meinte regjeringa at det var nødvendig med 15 milliardar kroner i statlege subsidiar, men no er taket heva til 23 milliardar kroner, melde NRK onsdag.

Debatten har rasa om den norske havvindsatsinga dei siste vekene etter at det vart klart at kostnadene ville bli mykje høgare enn det regjeringa tidlegare har anslått.

Raudt og Høgre trekte seg
Ap, Sp, MDG, KrF og SV har kalla inn til pressekonferanse klokka 9 fredag for å fortelje meir om semja om Sørlige Nordsjø II, Noregs første, store havvindprosjekt.

Høgre trekte seg denne veka frå forhandlingane om havvindsatsinga fordi dei meiner behovet for statlege subsidiar har gått for langt.

Torsdag vart det kjent at Raudt ønskjer å avlyse utlysinga av Sørlige Nordsjø II- og Utsira Nord-felta av omsyn til stor kostnadsvekst og manglande kunnskap om miljøkonsekvensar.

MDG skal ifølgje Dagens Næringsliv ha fått gjennomslag for at det skal gjennomførast miljøkartlegging.

Hybridkablar
Høgre og Venstre ønskte ei utbygging med hybridkablar, som tillèt eksport av krafta som blir produsert av havvindparken og som dermed vil gi sjølvstendige inntekter. Denne løysinga har Senterpartiet sett ein stoppar for i regjeringa fordi løysinga opnar for eksport av norsk vasskraft gjennom kablane.

Også utanfor Stortinget har det vore debatt. Mellom anna har den tidlegare leiaren for Energikommisjonen, Lars Sørgard, uttrykt uro for det som kan bli eit «subsidiesluk,» og bede regjeringa vurdere å pause heile satsinga.

Statkraft-sjef Christian Rynning-Tønnesen sa til E24 førre veke at det er mogleg å få lønnsame havvindprosjekt og store mengder kraft til Noreg. Men då må anlegga vere større, og dei må koplast til Europa og ikkje berre til Noreg, meinte han.

NVE-sjef Kjetil Lund, slo i slutten av april fast at havvind i Noreg ikkje er lønnsamt.

Ikkje lønnsamt
– Havvind i Noreg er i dag ikkje lønnsamt, og flytande havvind er ganske langt frå å vere lønnsamt. Om det blir lønnsamt nokon gong, og i så fall når, veit vi ikkje sikkert i dag. Det sa Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund på ein pressekonferanse i samband med framlegginga av ein ekspertrapport som peika på 20 moglege område for å byggje ut havvind.

– Vi har ikkje vurdert den økonomiske fornufta eller realismen i å byggje ut havvind i dette omfanget, understreka NVE-sjefen då han overleverte rapporten.

– Kor mykje av felleskassa ein vil bruke på å byggje ut kraftproduksjon som ikkje er lønnsam, det er – og skal vere – ei politisk vurdering. Vi har ikkje gått inn i det i dette arbeidet, sa Lund

(©NPK)

Publisert: 02.06.2023 08:51

Sist oppdatert: 02.06.2023 08:51

Mer om