Nesten tallerkenklart frå Bluewild
Fisken frå den nye Bluewildtrålaren skal leverast på kaia klar til å pakkast i forbrukerpakningar.
– Vi skal lage konsumentprodukt av alt, unntatt blåkveite, seier dagleg leiar og eigar Tore Roaldsnes i Bluewild til NETT NO.
Fiskebåtreiarlaget i Ålesund har bestilt ein ny trålar til omlag 600 millionar kroner for levering frå Westcon i slutten av 2023. Ombord blir det mellom anna ein fabrikk som skal filetere og kutte fisken i porsjonsstykke.
Båten skal fiske både kvitfisk (torsk og liknande fiskeslag) og reke.
Fisken bli frosen og pakka ombord, slik at den kan pakkast om i forbrukerpakningar på land.
Både levering til ompakking på Bluewild sitt eige anlegg på
Flatholmen i Ålesund og/eller levering til andre anlegg i Noreg eller
Europa er aktuelt, ifølgje Roaldsnes.
Tek vare på alt
Alt på fisken skal takast vare på og takast med til land.
Den nye trålaren for anlegg for å produsere fiskeolje og hovud, rygg og skinn blir frose og frakta til land for vidare bearbeiding.
Ecofive, som den nye trålaren skal heite, vil erstatte fiskebåten Langenes, som er ein av dei to båtane til Bluewild i dag. Planen er å selje Langenes når Ecofive er på plass og Roaldnes anslår at reiarlaget vil får rundt 50 millionar kroner for Langenes.
Unnfanga av høg oljepris
Roaldsnes har arbeidd med ideen sidan fleire år før oljeprisfallet i 2014. Dei høge drivstoffkostnadane var utgangspunktet for å finne ein teknologi som reduserer drivstoffkostnadane vesentleg.
Då dei tidlegare eigarane av Nordic Wildfish skilde lag blei samarbeidsavtalen med Ulstein Group om å utvikle ein ny fiskebåt med over til Bluewild og førte til at den første fiskebåten med Ulstein sitt X-Bow-design skal byggast.
Sjå video av konseptet under:
Publisert: 18.02.2022 06:00
Sist oppdatert: 18.02.2022 01:44