Hyperthermics aukar staben
Skal fylle åtte nye stillingar.
- Med ein gang vi får kontraktar på plass skal vi begynne å tilsette folk, sa Hyperthermics-sjef Erlend Haugsbø til NETT NO i 2020.
No lyser selskapet ut åtte stillingar, blant dei finansdirektør, biolog og automasjonsingeniør for design og oppstart av Hyperthermics-anlegg.
Haugsbø seier til NETT NO fleire intensjonsavtalar selskapet har inngått no er i ferd med å bli til til bindande avtalar, og at det er bakgrunnen for at selskapet søkjer etter folk.
"En sterk økende interesse for løsningene våre gjør at vi trenger flere medarbeidere" heiter det i annonsen.
Les også
Fleire intensjonsavtalar
Ideen til Hyperthermics er å bruke bakteriar under høg temperatur for å få fart på nedbrytingsprosessen av biologisk materiale i biogassanlegg. Poenget er å utvide produksjonskapasiteten i anlegga utan store og plasskrevande investeringar. Prosessen kan og brukas i proteinproduksjon basert på restråstoff frå havbruksnæringa.
I løpet av 2021 har Hyperthermics inngått fleire intensjonsavtalar og testanleggavtalar som kan ende opp som store oppdrag for selskapet.
Mellom dei er ein avtalar med danske Nature Energy, med Hofseth Aqua og Ultramar Energy Ltd om testing og utvikling av to biogassanlegg eller proteinanlegg i Mexico.
Verdsett til 200 millionar
I år og i fjor har Hyperthermics kjøpt ut fire aksjonærar, aksjar som i mai i år vart seld til Ronja Capital II (Halsebakkfamilien), Frode Kjølås og Peder Stette sitt investeringsselskap. Trioen betalte rundt 47 millionar kroner for aksjane, ein transaksjon som verdsette Hypterthermics til omlag 200 millionar kroner.
Hyperthermics spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda. Selskapet var eitt av selskapa som blei etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.
Selskapet har gjennomført fleire kapitalutvidingar og i 2018 vart innsatsen auka, med fleire tilsette og hovudkontoret plassert i Ulsteinvik.
Publisert: 23.12.2021 10:30
Sist oppdatert: 23.12.2021 10:19