Sild innfelt marinetraffic skjermdump foto smaragd 22
NVG-SILD: Den vårgytande silda gjer at det måndag ligg eit 30-tals båtar ved Buagrunnen - eit viktig gyteområdet for silda - utanfor kysten av Bud på Møre. Foto: Smaragd - Skjermdump/Marinetraffic.com
Nytt

– Håpar at det smeller til på Møre

Eit hektisk og innbringande loddefiske sikra fangst for meir enn 600 millionar. No jaktar kring 30 båtar silda utanfor Møre.

Marius Rosbach
22.02.2021

I helga blei det sett stopp for loddefiske utanfor Island etter at norske fartøy igjen har hatt moglegheit til å fiske den ettertrakta delikatessa.

Salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget omtalar den korte og innbringande sesongen som «fantastisk» med «eksepsjonelt gode» prisar. NETT NO har omtala korleis fiskarane fekk rekordhøge prisar for fangsten.

– Alt er ikkje ferdig talt opp, men vi vil truleg omsette lodde for meir enn 600 millionar kroner. Det er utruleg at det er mogleg å kome opp i slike tal med ei slik kvote, fortel Garvik til NETT NO.

Fleire ønskjer årleg loddefiske
Etter at norske båtar ikkje har fiska lodde på fleire år, har dei i løpet av dei siste vekene fangsta kring 42.000 tonn. Fisken har vore ettertrakta i ein «uttørka» marknad, spesielt i Asia, men også i Aust-Europa.

Garvik fortel at erfaringane no gjer at det blir vurdert moglegheitene for å endre modellen slik at det kan bli eit årleg loddefiske til dømes i Barentshavet. Per i dag meiner forskarane at bestanden er for liten til det.

Kring 30 båtar jaktar silda
Sildefisket har eigentleg vore i gong sidan tidleg i januar, men enno har det ikkje «teke av» med fangstar ved gytefelta utanfor Mørekysten. Garvik i Sildelaget fortel at silda har vore litt vanskeleg å få tak i under vandringa, og at rapportane går på at den står djupt.

– Vi håpar at det smeller til på Møre og akkurat no ligg det kring 30 båtar samla ved Buagrunnen. Det er gjort kast, men vi har førebels ikkje fått meldingar om korleis fangsten har vore, fortel Garvik.

Førre veke fekk Pelagia-anlegget i Hjørungavåg fleire sildefangstar, men fabrikksjef Rune Hoddevik håpte at kvaliteten på rogna skulle bli enno betre framover.

Attraktivt produkt og god pris
Salsleiaren trur dei først meldingane kan kome allereie i løpet av måndag ettermiddag eller kveld. Mykje kan også avhenge av veret. Salsleiar Garvik i Sildelaget påpeiker at det er meldt meir ruskete seinare i veka.

Fiskarmiljøet ser med stor spenning fram til den årlege gytevandringa til silda, når rogna gjer den ekstra attraktiv.

– Det er eit attraktiv produkt til ein marknad som betalar godt. Samtidig vekker det gamle minne for mange som har vore med på sildefiske i tidlegare år, fortel Garvik.

Publisert: 22.02.2021 16:14

Sist oppdatert: 22.02.2021 23:41

Mer om