Per vidar kjølmoen foto marius 11 jpg
TRUR PÅ LØYSING FOR LAKSESKATT: Per Vidar Kjølmoen (Ap) er trygg på at utforminga regjeringa landar på om lakseskatten, vil gjere at oppdrettsbransjen framleis går med overskot og at uroen hos leverandørane går over. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– I eit lokalval kan ein ikkje påverke lakseskatt

Per Vidar Kjølmoen (Ap) tør ikkje spå om regjeringa blir straffa av veljarane. Men han er trygg på at oppdrettsbransjen framleis vil ha store overskott.

Marius Rosbach
20.02.2023

Det har til tider storma i debatten om ulike skattar som rammar næringslivet det siste halvåret.

Allereie i oktober bad fleire Ap- og Sp-ordførarar regjeringa skrote fleire av dei planlagde skatteaukane, etter å ha høyrd Knut Flakk fortelje om konsekvensane for deira verksemd.

I desember gjekk Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet ut og fortalde at han frykta eit elendig kommuneval grunna lakseskatten.

Legg ikkje skjul på ulike syn
Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen meiner det er vanskeleg å spå noko om haustens val, men håpar det blir prega av lokale – framfor nasjonale saker.

– Om Tryggestad har rett eller ikkje, får vi sjå til hausten. Men i eit lokalval kan ein ikkje påverke lakseskatt eller andre nasjonale spørsmål. Då kan ein mellom anna påverke kven som blir ordførar i eigen kommune, seier han.

Kjølmoen seier motivet for å gjennomføre politikk bør vere at ein meiner noko er rett – ikkje fordi ein skal vinne val. Samtidig legg han ikkje skjul på at det er ulike syn på lakseskatten både i Senterpartiet og Arbeiderpartiet.

– Det er slik politikken er, og det er heilt naturleg, legg han til.

Om Tryggestad har rett eller ikkje, får vi sjå til hausten
Per Vidar Kjølmoen

Trur uroa i bransjen går over
Ap-politikaren fortel at han gitt klar beskjed om bekymringa frå næringslivet i Møre og Romsdal. Samtidig har næringsfraksjonen i partiet sitt syn på utforminga av grunnrenteskatten, minner han om.

– Eg er trygg på at vi kjem ut med ei løysing som sørger for at det framleis er store overskot i bransjen. Og at den samtidig vil fjerne den usikkerheita kring kva som er reell pris, som spesielt leverandørane har merka, ved at kontraktsmarknaden stoppar opp, seier han.

Spesielt det siste punktet har skapt mykje uro, og gjort at store investeringar er sett på vent.

Gjennomgår høyringssvara
Regjeringa jobbar no med å gå gjennom høyringssvara til grunnrenteskatten. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har vore klar på at regjeringa står fast på at skatten blir innført.

Samtidig er det kome signal om at prisfastsettinga blir annleis enn i forslaget, og at nivået kan bli betydeleg lågare 40 prosent.

Det er venta at saka kjem til Stortinget seinast før sommaren.

Publisert: 20.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 19.02.2023 21:50

Mer om