Bjørnar skjæran foto Yngve Angvik Nærings og fiskeridepartementet 11
MANGE SVAR: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har i alt fått 416 høyringssvar om den upopulære lakseskatten. Nesten åtte av ti vender tommelen ned for grunnrenteskatt på havbruk – som allereie er innført. Foto: Yngve Angvik Nærings og fiskeridepartementet
Nytt

Lakseskatten: Åtte av ti høyringssvar er negative

Over 400 høyringssvar - og langt dei fleste er kritiske.

17.01.2023

(NPK-NTB-Bibiana Piene): Regjeringa fekk inn svært mange svar i høyringsrunden om den omstridde grunnrenta for havbruk. 78 prosent er negative, viser ein rapport frå Sjømat Norge.

I alt har 416 kommunar og fylkeskommunar, interesseorganisasjonar, bransjeforeiningar og privatpersonar sagt si meining om grunnrenteskatt for havbruk.

No har Sjømat Norge gått gjennom 335 av høyringssvara. Men innspel frå anonyme privatpersonar er utelatne.

Gjennomgangen viser at 262 av svara, 78 prosent, er negative til skatteforslaget. 27 (8 prosent) er positive, medan 46 (nesten 14 prosent) er meir nøytrale.

– Reflekterer debatten

– Rapporten viser at eit stort fleirtal er negative til heile eller deler av den foreslåtte grunnrenteskatten til regjeringa. I stor grad reflekterer høyringa den offentlege debatten som har rasa i etterkant av lanseringa i fjor, seier næringspolitisk sjef Peder Weidemann Egseth i Sjømat Norge.

Sjømat Noreg, som er ei landsforeining for fiskeri- og havbruksnæringa, er blant dei som har stilt seg svært kritisk til lakseskatten. Arbeidet med rapporten er likevel utført av to studentar ved NTNU, påpeikar Egseth.

– Det er ei objektiv framstilling av høyringa som klargjer både positive og negative utsegner, seier han.

Det er ei objektiv framstilling av høyringa som klargjer både positive og negative utsegner
Peder Weidemann Egseth

Usemje om botnfrådrag
Eit stort fleirtal av dei som har delteke i høyringa, meiner forslaget vil ha «betydelege negative verknader langs fleire aksar», heiter det i rapporten.

– Tapte arbeidsplassar, reduserte investeringar, nedsett innovasjonstakt, mindre grøn omstilling og sterk svekking av Noregs satsing på vekst i havbruksnæringa er konsekvensar som ofte blir trekte fram, heiter det vidare.

Størst usemje er det likevel når det gjeld botnfrådraget. Regjeringa har foreslått eit botnfrådrag på mellom 4.000 og 5.000 tonn for å skjerme dei minste oppdrettarane.

Ifølgje rapporten meiner mange kommunar og mindre bedrifter at ein må auke botnfrådraget for reelt å kunne skjerme dei små aktørane.

Fagmiljø og enkelte større aktørar peikar derimot på at botnfrådraget har negative vridingseffektar. Frådraget bør fjernast heilt eller delvis, meiner fleire av desse.

Kritikk av prosessen
Også sjølve prosessen rundt innføringa blir sterkt kritisert. To av tre stiller seg negative til handteringa.

– Fleire reknar dette som brot med gode politiske tradisjonar der ein søkjer breie skatteforlik som står seg over tid, heiter det i rapporten.

Lakseskatten vart innført 1. januar, men den konkrete innretninga skal først behandlast av Stortinget på vårparten.

I Finansdepartementet får NTB opplyst at det framleis ikkje er sett nokon dato for når regjeringa vil komme med eit forslag til Stortinget.

Les alle høyringssvara her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 17.01.2023 09:35

Sist oppdatert: 17.01.2023 13:12

Mer om