Sylvi Listhaug Svein rune Gjerde Marin Teknikk foto Marius Rosbach 11
MANGE BLIR RAMMA: Sylvi Listhaug på besøk hos Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk. Frp-leiaren levnar lite ære til regjeringa sin framgangsmåte kring den omstridde lakseskatten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Listhaug: - Det ropast varsko over heile linja

Frp-leiaren har merka seg at langt fleire enn oppdrettsselskapa merkar effektane av lakseskatten.

Marius Rosbach
17.01.2023

Regjeringa har fått inn fleire enn 400 høyringssvar om grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Skatteforslaget vart tema då Frp-leiar Sylvi Listhaug vitja Herøy-bedrifta Marin Teknikk.

– Den skatten rammer vårt område veldig hardt, kommenterte Listhaug.

Frp-leiaren fortalde at ho hadde vore i konktakt med ei rekke bedrifter frå regionen dei siste vekene, mellom anna under årskonferansen til NHO og i møter med Mørebenken på Stortinget.

– Det ropast varsko over heile linja, og det som først og fremst får trykket no, er ikkje oppdrettsselskapa, men dei som leverer varer og tenester, og utfører prosjekt som den næringa sett i gang.

Vil finne løysingar saman med næringa
Framstegspartiet er i utgangspunktet motstandarar av grunnrente for oppdrett, men Listhaug meiner det viktigaste er finne ein metode som blir godteke i bransjen.

– Korleis meiner Frp at bransjen bør skattleggast?

– Bransjen seier sjølv at dei kan skatte meir, og det er vi positive til. Men i staden for å overkøyre næringa på den måten regjeringa har gjort, så burde ein sett seg ned saman og funne løysingar som er til å leve med, og som gjer at investeringane i næringa fortset, sa Listhaug.

- Det blir mykje å rydde opp i
Partileiaren hadde óg merka seg at bransjen allereie har starta å orientere seg meir mot marknader i utlandet.

– Det blir mykje å rydde opp i. Det næringslivet også seier, er at når dei ser kor mykje gale som har skjedd det siste året, så er dei redde for kva regjeringa kan finne på dei neste åra. Det er eit stykke fram til 2025, sa Listhaug om neste Stortings-val.

Tysdag blei det kjent at åtte av ti høyringssvar er kritiske eller negative til forslaget om grunnrente for oppdrettsbransjen.

Publisert: 17.01.2023 15:00

Sist oppdatert: 17.01.2023 15:17

Mer om