Stortinget ålesund ulstein montasje foto Lars Røed Hansen Wikimedia Commons marius 11
VEDTAK FOR MEIR EKSPORT: Veedtak i Stortinget har dei siste månadene gitt ei handsrekning til meir eksport frå den maritime klynga, og kan gi titals statlege arbeidsplassar til Ålesund. Foto Lars Røed Hansen Wikimedia Commons/Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Halve sigrar kan bli gull verdt

Den politiske våren har gitt fleire gunnar til å tru på auka eksport frå Nordvestlandet.

Marius Rosbach
09.05.2021

ANALYSE:

Å auke eksporten frå norsk næringsliv er eit tverrpolitisk mål ein høyrer gjenteke i valkampen. Det sokalla verkemiddelapparatet er den sentrale reiskapen styresmaktene nyttar til å støtte oppunder norske bedrifter for at dei skal klare å snu den negative utviklinga Norge har hatt dei siste 20 åra.

Verkemiddelapparatet består mellom anna av Innovasjon Norge, Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for Eksportkreditt, også omtala GIEK. Dei to sistnemnde blir snart slått saman til Eksportfinans med hovudkontor i Oslo-området. Det kjem vi snart tilbake til.

Dei nemnde etatane fungerer som statens forlenga armar til bedrifter som treng råd, tenester eller finansiell hjelp i verksemda. Moglegheiter for auka eksport blir prioritert høgt. Saman med ulike støtteordningar, til eksempel at offshorereiarar får pengar for å installere batteri om bord på skipa, forsøker styresmaktene å bidra til meir aktivitet på ønska områder.

Under koronapandemien er dei største eksportnæringane i regionen blitt ramma ulikt. Fiskeri, oppdrett og møbel har så langt klart seg godt.

For den maritime industrien er bildet blanda, der nokre har store utfordringar fordi heile cruisenæringa er sett på vent – medan andre tenar gode pengar på brønnbåt. Likevel er bakteppet framleis den at skipsbygging i verda har den lågaste etterspurnaden på kring 60 år.

Det er liten tvil om at pandemien har gitt auka utgifter og forseinkingar for ein del av næringa, og bransjen har lagt fram ein rekke forslag til krisehjelp. NETT NO har fleire gonger omtala korleis svara frå politikarane så langt ikkje har stått i forhåpningane som er skapt.

Men ein halv siger kjem i revidert statsbudsjett som blir lagt fram over helga med ei forsterka støtteordning for ombygging av offshoreskip. Eit fleirtal på Stortinget har også peika på ei ordning for resirkulering av skip, som regjeringa skal sjå på. I tillegg bruker regjeringa meir pengar på område som hydrogensatsing og forsking.

Framleis er det god avstand mellom dei hundretals millionane dei politiske partia snakkar om - og milliardløftet som dei maritime næringane hadde ønska seg. Håpet er at det er nok til at Maritim bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri får rett.

– Eg ser ikkje vekk i frå at når vi samlast til verftskonferanse i november, så vil Covid-19 verke som eit blaff, sa han til NETT NO i førre månad.

Han viste mellom anna til at det ikkje var avbestilt cruiseskip så langt. Det har heller ikkje skjedd sidan – og attpåtil har det vore snakka om at eit større verft er på veg til å hale i land den første nybyggingskontrakten på cruise sidan koronapandemien slo til.

GIEK-saka er ein anna halv siger for Nordvestlandet som vil påverke eksporten frå regionen.

Rett nok sa fleirtalet i Stortinget nei til å flytte hovudkontoret med kring 140 arbeidsplassar til Ålesund. Men dei vedtok samtidig at regjeringa skal greie ut ei sterkare regional lokalisering i viktige eksportregionar – og kome tilbake til Stortinget med saka. Og debatten viste at det politiske fleirtalet ønsker å gjere betydelege grep når saka kjem så langt.

I dag er GIEK og Eksportkreditt i hovudsak samla på kvar sine kontor i Oslo. Unntaket er eit einmannskontor Eksportkreditt har i Ålesund.

Då administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen snakka på vegner at «vestlandsalliansen», ga ho stor honnør til arbeidet Stig Gjethammer har utført her i ei årrekke.

– Ein person har fått til enormt mykje, sa Solheim til NETT NO.

Om resultatet av debatten kring GIEK - som snart får namnet Eksportfinans – endar med at berre halvparten av jobbane i det samanslåtte Eksportfinansiering Norge blir flytta ut av hovudstadsområdet, kan Ålesund vere sikre fleire titals nye statlege arbeidsplassar.

Samanlikna med utgangspunktet – eit einmannskontor – vil det vere ein kjempeskilnad.

Summen av desse halve sigrane kan bidra betydeleg til at eksportnæringane på Nordvestlandet vil ha betre vilkår framover. Og med fleire personar og miljø til stades i regionen, er det lov å tru på at det også oppstår nokre nye.

Publisert: 09.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 18.05.2021 23:17

Mer om