Utsett å ta stilling til GIEK-flytting
Senterpartiet håpar på støtte til eit nytt forslag om utgreiing.
Næringskomiteen på Stortinget vil ikkje kome med si innstilling i saka om GIEK-flytting før neste torsdag, opplyser saksordførar Geir Pollestad (Sp) til NETT NO.
Komiteen skulle eigentleg legge fram sitt syn på Frp-forslaget om å flytte eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge til Ålesund og Bergen, denne torsdagen.
Debatten i Stortinget går som planlagt måndag 22. mars, ifølgje Pollestad – og samtidig legg Senterpartiet eit nytt forslag på bordet.
Senterpartiet er likevel for flytting
I førre veke skreiv Avisa Oslo at både Arbeidarpartiet og Senterpartiet ville gå mot ei flytting, men det stemmer ikkje.
Ifølgje ei notat NETT NO har fått tilsendt, har partiet si stortingsgruppe vedteke at dei vil flytte dei statlege arbeidsplassane i GIEK/Eksportkreditt. Samtidig vil dei halde eit løfte om fleire arbeidsplassar til Groruddalen – der regjeringa har sagt at den nye eininga skal lokaliserast.
Senterpartiet legg difor fram følgjande tre forslag.
- Senterpartiet ber regjeringen avvente sammenslåingen av GIEK og Eksportkreditt til det ansees forsvarlig ut fra koronakrisen å velge en løsning for lokalisering av hovedkontor utenfor Oslo i tråd med lokalisering av statlige arbeidsplasser.
- Stortinget ber regjeringen utrede og velge en modell og lokalisering på Vestlandet som best tjener eksportmiljøene langs kysten og i landet for øvrig.
- Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for å lokalisere 200 av de statlige arbeidsplassene som i dag fins i Oslo til Groruddalen. En slik relokalisering skal skje parallelt med omorganisering og utflytting av GIEK og Eksportkreditt.
– Etter ulike innspel som har vore dei seinare dagane, ventar vi at fleire parti støttar opp om Senterpartiet sitt forslag, heiter det i notatet.
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Kamp mellom Vestlandet og Oslo-området
Ålesund og Bergen har alliert seg i saka og jobbar for at hovudkontoret skal flyttast til Ålesund, med eit avdelingskontor i Bergen – slik Frp har føreslått.
Innvendingane frå sentralt hald har vore sterke i høyringsinnspela. Både NHO og Fellesforbundet er mellom dei som er kritiske til å flytte dei nær 150 arbeidsplassane ut av Oslo-området.
Eit interimstyre jobbar med å slå saman dei to einingane under namnet Eksportfinansiering, forkorta Eksfin. Dei har frist til 1. juli med å få på plass ei ny operativ eining.
Publisert: 11.03.2021 13:23
Sist oppdatert: 11.03.2021 13:33