Island Offshore sikra ny langtidskontrakt
Ordreboka til offshorereiarlaget bikkar tre milliardar.
Island Wellserver er sikra arbeid for to nye år med Tios As, som er reiarlaget sin samarbeidspartnar for lett brønnintervensjon.
Kontrakten gjeld for 290 dagar i både 2024 og 2025, i tillegg til at avtalen inneheld opsjonar for vidare oppdrag, opplyser selskapet på si heimeside måndag.
Ordrebok på tre milliardar
Med den siste kontrakten på plass, har reiarlaget med base i Ulsteinvik, ei ordrebok på heile tre milliardar kroner.
Nivået er det høgste nivået på fleire år og Island Offshore-sjef, Tommy Walaunet, opplyste nyleg til NETT NO at dei venta ei utnytting av flåten på kring 90 prosent for året.
Oppdraget som fleirbruksskipet Island Wellserver skal utføre, dreiar seg om lett brønnintervensjon ved subsea-brønnar på norsk sokkel.
- Tenesta er viktig for forsyningssikkerheit av energi frå norsk sokkel og særs verdiskapande for operatørane. Arbeidet i brønn gir ofte auka produksjon til både låg pris per fat og med lågt karbonavtrykk jamfør anna produksjon, uttaler Walaunet.
Auka etterspurnad i marknaden
Island Offshore inngår i ein allianse med TechnipFMC, Altus og Oceaneering om å levere denne tenesta.
Walaunet fortel at etterspurnaden på slike oppdrag aukar og at dei har eit liknande opplegg med Island Constructor, mot ulike operatørar i Noreg og internasjonalt.
- Med dette er utsiktene for begge skipa, og dermed også arbeidsplassane, positive for dei komande åra, skriv selskapet.
Publisert: 22.05.2023 17:44
Sist oppdatert: 22.05.2023 17:53