Kan få kommunen som medspelar
Ørsta vurderer å bygge og leige ut til 3D Welding.
Fabrikkbygget 3D Welding ville bygge på Ørsta kommune sitt nye industriområde aust for Ørsta sentrum blei dyrare enn selskapet hadde trudd.
Prisauken har utsett etableringa i fleire månadar, og selskapet har og leita etter lokale å leige andre stadar på Sunnmøre.
No har formannskapet i kommunen bedt administrasjonen kva juridiske og økonomiske omsyn som må takast for at kommunen kan bygge og leige ut til den nye selskapet. Formannskapet i Ørsta vedtok tysdag 7. juni at det er positivt innstilt til at kommunen skal bygge eit bygg for utleige, men vil altså først ha ei juridisk og økonomisk utgreiing før eit vedtak.
Håpar på rask avklaring
Ordførar Stein Aam har arbeidd med å finne ei løysing for 3D Welding sidan slutten av fjoråret.
Fleire alternativ har vore vurdert, før eit kommunalt utleigebygg er alternativet formannskapet no ber om blir vurdert. Aam seier til NETT NO at han håpar på ei rask avklaring for selskapet.
Formannskapet ber også administrasjonen sjå spørsmålet om ei kommunal investering og i samanheng med ei eventuell etablering av eit kommunalt næringsselskap.
3D-teikningar og automatisering
3D Welding vil bygge ein automatisert fabrikk som kan gjere kutte- og sveisearbeid som i dag blir gjort i Aust-Europa og Kina - og konkurrere på pris.
Alle produkt skal teiknast i 3D-format, der selskapet først byggjer ein digital tvilling av produktet, der data blir mata rett inn i produksjonen.
Ein stor kunde er alt på plass, plasthalleverandøren OB Wiik - som vil ha stålkonstruksjonar frå 3D Welding.
Planen er å ha 15 tilsette i første driftsår. Selskapet skal og tilby elevar på yrkesskulen i Ørsta trainee-stillingar, der 3D Welding er med på å legge til rette for kursing gjennom skuleåret, før neste steg er læreplass og eventuelt fast jobb.
Dyrare enn venta
Den opphavlege vurderinga då planen om 3D Welding vart offentleggjort i slutten av 2021 var at fabrikken og produksjonsutstyret ville koste 100 millionar kroner. Fabrikkbygget åleine skulle koster 40 millionar
Innovasjon Norge vil inn med 9,5 millionar kroner i tilskot, og er saman med Sparebank 1 Søre Sunnmøre med på eit lån på 25 millionar kroner.
Etter nye vurderingar kom prisen på fabrikkbygget opp i 50-60 millionar kroner og då starta arbeidet med å skaffe ytterlegare finansiering.
Publisert: 09.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 10.06.2022 08:23